torsdag 19. mai 2011

Ny rapport



26. april
Så måtte eg sei ha det til Per Gunnar og det på sjølvaste bursdagen hans! No er det ei stund til me ser kvarandre igjen og vi skal leve ganske forskjellige liv den tida. Litt rart!

Døra på gamalt naust ved eit vatn oppafor trivelege Suolovomi fjellstue, ei av stuene med tre mil mellom kvar oppretta for staten sin kontroll og utøving av myndigheit.

Klemet Hætta fortsatte sin service, møtte oss ved butikken i Masi med pulken i bilen, hjalp oss å få ut postpakken sjøl om butikken var stengd, køyrte oss til skooterløypa og lovte å sende heim ein del ting vi hadde tatt ut. Makan til god hjelp. TAKK. 


Her frå hytta ved Havgajavri, ca 15 km, stort sett oppover, frå der Klemet satte oss av. Vi var glad så vi kom fram i ti-tida, det begynte å bli kaldt. 


27. april


Arne Lyshol-etappen. 

Arne Lyshol kjem til Alta Lufthavn. Tidlegare kollega av meg på landbruksavdelinga hos Fylkesmannen og vi har fleire fjellturar i lag i regi av landbrksavdelinga. 



Altaskiferen er kjend. Alta sentrum såg heilt nybygd ut og kjem truleg til å fungere godt om ei stund - om det ikkje gjer det allereie.


STRI TØRN 

Det bar over vidder og opp og ned bakkar. Det blei meir og meir kald motvind, vi blei meir og meir slitne -  og eg klarte til og med å navigere feil. Resultat: ein time ekstra gåing, 40 unødige høgdemeter og ein skrå langside som ga meg "spiker i skoa"..
I tillegg hadde vi planlagt matpausane for dårleg og fekk ikkje i oss verken nok drikke eller nok mat. Det blei ein stri tørn. 



Og på toppen av det heile fann vi ikkje gammen vi hadde fått lov av Aslak Isak Skum å låne. Vi krøyp inn i ein lavvo som vi fekk opp og sovna på kvistunderlag i ellevetida på kvelden. Eg sov nesten i tolv timar, mens stakkar Arne var vaken, prøvde å få liv i meg, smurde skia og ville avgarde. For ein ekspedisjonsleiar!

28. april

(Til tross for grei tur: godt å strekke seg ut på pulken av og til.)

Reisa here we come. 

Vi starta seint, men ga på for å kome til Reisavannhytta med ved, varme, vatn, senger, stolar og bord. Ca. 26 km. Vi holdt høgda for å unngå gjenomslaget vi kava med i går kveld, det var nok lurt. Drøy tur, men for ei lise å koma fram. Sann nyting.



LARS MONSEN- BLEMMA. 

Jippi - endeleg fekk eg ho. Blemma alle tøffe ekspedisjonsfararar må ha. Nesten stolt - og i alle fall verd den lille smerten det kosta å få ho. 



Heia Eva og Åge. 

Norgeskartet er fortsatt med - og eg er ca komen hit. NB. Legg merke til den fine hytta i bakgrunnen. Sann nyting. Vi tok ein kviledag der.



Nøyt tilværet på Reisavannhytta ein heil dag. Kvilte slitne kroppar, fyrte i ovnen, gjekk strekk ut rundt i stova og fekk triveleg besøk og frøs med Herbjørn Nilsen som kvart år er med nokre dagar i reinflyttinga som avbrekk frå maskinentreprenørverksemda i Tromsø. Fekk nokre nyttige Lofoten-tips på kjøpet og. 

30 april


FIREMILSDAGEN 

Vi sto opp fire, tok ut halv seks og føyk over Reisajavri, seinare over schvære(!) mo og myrområde. Det gjekk godt!



... og då vi kom ned i skogen ved grensa til Finland sa det bom stopp. Ein eller to meter fram og ein halv til ein meter ned. Gjennomslag så det sang. Ekspedisjonsleiaren måtte ta samling i bånn. Kva gjer vi no?

Fin dag på fjellet. Men fire mil er laangt, særleg med pulk. 

... ekspedisjonsdeltalaren var llite lysten på telt. Kartet måtte fram, vi såg avteikna ein "ødemarksstuga" på finsk side, sette frå oss all bagasje og kava oss fram for å brøyte løype og sjå om stigen faktisk var der OG om ho var open. Fata Morgana - ho stod der, open. Vi var berga. Klem, klem! Retur for å hente resten. Så då blei det totalt fire mil ligavel. Fy søren, tørna inn halv åtte etter 14 timar på jobb!

Sotet finsk ødemarksstuga. 








Harde trebriskar å sove på. Men gratis. 

1. mai

GRATULERE MED DAGEN. Klar for dagens tog. 



VANNVEGEN. 
Vi fulgte el elsket, idag ville vi ha det enkelt - og ikkje gå gjennom ei einaste gong! Det gjek radig oppover elva, reinaste Bjørgen og Nordtug! Formen er oppadstigande. 


2. mai




Dagen starta tidleg i lavvoen som var sett opp fordi stugan ved Porojavri var under reparasjon. Eg måtte opp å fyre klokka fem for ikkje å fryse i hel og for å få sove. På vår veg møtte vi denne artige fjellknatten, Saivarri.  Vulkanplugg? 


Hadde behageleg tur med silkeføre og passeleg etappe, 20 km. Deiligt. Endeleg. 


Trivelege finske innfødte i "buret sitt" på Kuonarjohki. Pekka i øver køya,  i underkøya to vetrinærar, ein komande vetrinrstudent om ho kjem inn, ei mor, ei dotter, ei i forsvaret. Godt humør på heile gjengen, mykje lott og løye. Vi var enige om svenskane!


3. mai







Sjarmøretappe til Kilpisjervi. Ei mil nedoverbakke ?
Flotte fjellmassiv møtte oss. 
Fekk oss ein betre middag på Hotel Kilpis og deretter gjekk Arne ned for tellling!


Kviledag på Kilpisjervi hotel, anneksavdelinga. I grunnen ganske kjedeleg. 


5. mai



Så skal eg gå dei to siste dagsetappane aleine. Klar utafor hotellet kl 9.00 på morgonen. 


... Og fjellet, Barras, fulgte meg heile dagen, til og med i motbakkane. Fascinerande. 


Det går så det suser over det lange Kilpisjervi (jervi=vatn). Nydeleg vêr, silkeføre og ein freistande fjellheim der vest. Eg er ung, sterk og sprek!


Eg tok to hytter den dagen. På Gappohytta møtte eg Pål Fasseland, ein blid sørlending som var på slutten av sin NPL-tur. Han hadde med Drillo og Silva, to fine vorstere. Og han sette pris på halvliteren eg spanderte på han. Skulle forresten bli far om ikkje lenge!


6. mai


Med gårsdagens gode etappe starta eg den siste korte tomils-etappen til Rostadhytta. Likte ikkje heilt det lille snøfallet og dei litt grå skyene rundt omkring, men skitt au. 
Skulle vise seg å berre bli værre og værre. Tåka kom, det begynte å klabbe, eg rota med vegen, skulle 300 meter opp. No likte eg meg ikkje. 
Turte ikkje stoppe i tilfelle forholda skulle bli værre ut over dagen, drakk og åt litt nærast mens eg gjekk. Fann så sommarvardinga og forstod av ein varde og Gps'n at eg var på løypa's høgaste punkt, 980 meter. PUH! 


Ikkje lett å navigere i slikt vêr. Dei fjella som var så majestetiske og trygge dagen før var idag skumle og nifse!
Det gjekk greit nedover, sjøl om det var for bratt og for dårleg sikt til å kunne "nytast". 
Då eg var ferdig med den bratteste kleiva vart tåka enda tjukkare og plutseleg såg eg ingen staket lengre. Det viste seg seinare at stakene berre var sett opp i den farlege kleiva med skavler og issvuller på begge sider. 
Eg Gps'navigerte nokre hundre meter, men då eg ikkje såg meir enn ein
meter framfor meg og i tillegg kom på skavlane og dei bratte fjella eg i rykk og napp hadde fått nokre glimt av (snodkredfare?) og som av og til føltes svært nære, valde eg å stoppe og slå opp teltet. Eg brukte ca ein time på oppsettet, særleg på å skaffe snø inntil teltveggen i tilfelle det skulle blåse opp. Eg hadde jo berre vanlege bardunar rett i snøen, ikkje ein kvist i nærleiken. 
Eg krøyp inn i teltet og hadde det eigentleg ganske godt der inne. Varmt i soveposen, eg åt maten min og SOVNA - eit par timar. 
Tenkte deretter at eg måtte vere klar når det forhåpentleg letta så eg laga middag, åt og drakk og titta ut av og til.
5 timar etter eg hadde slått leir tok eg sjangsen på at letta eg såg skulle vare,  pakka saman og la i veg. Med litt varierande sikt, delvis tiltykning igjen og nokre ubehagelege følelser kom eg fram til Rostadhytta 22.30. Eg var glad då, men også litt imponert over kor godt og rasjonelt eg hadde takla situasjonen.  
Nok ein grensesprenging. 


9. mai


Liv Sissel Obrestad ankom Bardufoss flyplass (Snowman International Airport!),  vi tok inn på trivelege Bardutun og brukte halve mandagen på "oppshining" av utstyr. La så i vei nærast utan mål og
meining, visste berre retningen - og måtte dermed ha matpause i ikkje fullt så trivelege omgivelser. Skittent og fælt midt i snæsmeltinga. 


Plutseleg (?)  var vi, etter rundt fem
mil, ganske langt frå overnatting -  iflg dei karta vi hadde. og vi var i grunnen trøyte. Og det var i grunnen seint. Kva gjer vi no? Spør i næraste hus, det låg to-tre i vegkrysset vi stod ved. Men enten var dei ikkje inne, torde ikkje opne eller hadde ikkje svar så vi måtte berre sjå oss om etter teltplass i dei svært så fuktige bakkane rundt oss. Rundt ein sving dukka det opp eit hus med mange folk rundt oss. OK, vi spør dei. "det er nok 2-3 mil til næraste overnatting..,  fint å slå opp telt ved fjorden, ca 2 mil..". Javel då tenkte vi og skulle til å sykle vidare: " .... men vi har eit grendehus om de kan liggje på golvet der..?. 

Kameraet (eller fotografen) fekk ikkje med seg ansiktet til Emil, men Liv Sissel og eg var enige om at han hadde så flott og fin ein far at vi legg ut biletet ligavel!

Så vi overnatta her. Godt å møte gilde folk 


10. mai


Klar for dagens etappe - full av pågangsmot og energi - mot Harstad.


SÅ begynte trøbbelet! Den eine punkteringa etter den andre. 


... og den eine reparasjonen etter den andre. 


Liv Sissel sitt tålmod blei sett på ein skikkeleg prøve! 






Ho bestod, TIL TROSS FOR skitne fingre, utallige sykkelreparatørar som heller ikkje løyste problemet, leiing av sykkel gatelangs og leiting etter drosje med sykkelplass i fillebyen Harstad til langt på natt.



Ho bestod PÅ GRUNN AV oppmuntrande sykkelreparatørar, diverse ventilerande stygge utbrudd i friluft (NB: ingen barn tilstades), ein hau med slangeskift (som heller ikkje hjalp), hjelpsomme bilistar, hyttefolk og andre som kom i vår veg OG eit usedvanleg tålmodig og usliteleg reisefølgje (som snart spanderer første fly heim, men ikkje sei det til Liv Sissel).


 
Vi hadde ein fin tur til tross for dei praktiske problema. Berre sjå!


Fekk to dagar på Sortland og traff mange gamle kolleger og kjenninger. Til og med gamal elev, Asgaut Steiro, men han tok eg ikkje mobilbilete av, sjøl så kjekk han fortsatt er. 
Her er Siri, still going strong. Ho opna dørene for oss og eg fekk vaska kleda mine ordentleg for fyste gong! 


Arti å stikke oppom og treffe ganske mange av dei tidlegare kollegaene mine. Her: Inger, Siri, Egil og Jorunn.


Og Knut som vi var naboar til på Vikeid - og som og har blitt lærar på Kleiva. 





Så besøkte vi Hans Arne og Marit som begge har hoppa av og endra drastisk sine yrkesval. Hans Arne gjorde feskar av seg for ca. 10 år sidan og Marit starta i fjor steinovnsbakeri på garden der dei har sauer. 
Vi kom midt i ei av dei mest hektiske periodene, lamminga, men der det er hjerterom er det husrom. 



Dottera, Sigrid, var heime for å bistå. Hadde ikkje sett ho på 25 år, litt forandra sidan då. Bur i Trondheim!


Sjå kor vi kosa oss i finveret på Sortland.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar