mandag 23. mai 2011

20. til 23. mai

20. mai - vått og kaldt og breiflabb overalt


Pause på Statoil-stasjonen på Reine: nye sydvester på nokre av oss, gjett kven. Det regna heile dagen, vi ga opp å gå på Reinebringen, sjølv om eg har innleggsåler frå Hillevåg Ortopediteknikk©


.. Typisk Sakrisøy


Liv Sissel i feskbua på Sakrisøy. Fiskeburger, nam-nam. Og røykalaks te middag, nam-nam.


Enda meir typisk Sakrisøy, hjell og fisk til tørk overalt. 


Meir fisk te tørk. Gler meg til hausten og Bacalao. 

NØGDE?


Liv Sissel og Kristin er visst litt nøgde tross alt.


MOSKENES - BODØ: turen over. 

Kom til Bodø kl 11. På laurdag. Sende SMS'ar til nokre kjende og Inger Teigstad responderte, kom og henta oss, tok oss med heim på strak arm og ga oss god mat:
Røkt røye fra Sæterstad Gård i Hattfjelldal med rømme og flatbrød. 
Villsau med brun saus, poteter og brocolli. 
Og ein nydeleg vin til.
Kjempegodt! 
Godt gjort, Inger. Triveleg å sjå deg. Takk.


Inger, noko ettertenksam? Ikkje rart i så fall.


DOBBELT SÅ LITEN OG DOBBELT SÅ TØFF


Fekk SMS frå Anne Bolsønes: ho vi traff i Finnmark og som går Norge på langs aleine. Ho var i Bodø!
vi avtalte og treffast og starte sykkelturen vidare sørover saman. 
Så klokka 10 Sundag morgon forlot vi Liv Sissel og Kristin som må heim til kvardagane sine, mens vi skal slite med fleire kilo opp og ned bakkar gjennom heile Noreg. Verda har aldri vore rettferdig! 



HA DET, takk for opp og ned, att og fram ifrå Bardufoss og gjennom Lofoten. To flotte veker.

23. mai/BESØK HOS HEIDI OG ARNE


Anne og meg sykla til Gildeskål. Dei to fleste mila ut av Bodø var ikkje veldig trivelege: BIL OG SYKKEL HØYRER IKKJE SAMAN. men etterkvart blei det betre og vakrare, sjøl om motbakkane føltes fleire og fleire. 
På Kjøpstad henta Heidi Mæland meg og eg fekk eit triveleg gjensyn med tidlegare medstudentar. TAKK for foring, seng og god prat! Spreke folk!


Tlf: 75 75 80 65. Fjordbua kafé & motel. 

Www. Fjordbua. no (ikkje heilt oppdaterte iflg eigaren Ole. 
Staden anbefales pga beliggenhet, service, stemning, reinhald og pris. 
Ole Kristoffer Kristoffersen - blid, grei og hjelpsom 

  


MIN TUR 

Eg tok bussen tilbake til Kjøpstad der syklane stod og Anne sov i telt. Og kva venta meg? Punktert sykkel!! Så lenge var Adam altså i paradis. Ja, ja: berre å gå i gang. Då oppdagar eg at ingen av pumpene fungerer  Og kva skjer: Ole Kristoffer Kristoffersen som driv trivelege FJORDBUA KAFÉ OG MOTELL i vakre Gildeskål serverer oss kaffe og køyrer meg deretter 3 km til butikken Matkroken på Sandnes (!) der Helge ved Joh Nilsen-Nygård gir meg luft og hjelp. NORDLENDINGAR, altså!



Vi står no og venter på ferja etter ein veldig våt tur rundt Sandhornøya. Det blei eit lengre besøk på kafeen på Sparbutikken for å ha ein plass å vente på ferja - går tre gonger dagleg, 10 minutts tur. 



GILDESKÅL.

Gildeskål har ca. 2000 innbyggjarar. Tradisjonell næringsveg har vore kombinasjonane mellom landbruk, fiske, skjegg og handel. For ca. 25 år sida var det godt 40 mjølkebruk, no er det ein handfull igjen, 5-10 stk. 

Vi såg bysten av Elias Blix i dag. Han var salmediktar og kyrkjeminister, innførte jamatelling mellom nynorsk og bokmål og omsette bibelen frå hebraisk. 
Kjende songar: 
"No livnar det i lundar" - passar spesielt bra for oss på denne turen
"Gud signe vårt dyre fedreland"
"Å eg veit meg eit land"
Det var dagens leksjon frå ferjeleie på Horsdal. No kjem ferja. 



No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,

den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,

og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Guds kyrkja lysa skulde som høgt på berg ein stad,

med sumar utan kulde og utan solarglad. 

Guds ord vel alltid lyser, den sol gjeng aldri ned:

det hus som Anden hyser, ligg stødt i ljos og fred.

Men stundom kom då kulde på Herrens kyrkjemark:

det var som Gud seg dulde, og burte var Guds ark. 

Det var dei myrke dagar, Guds ord var fåhøyrd segn;

og hjarta frys og klagar, det saknar sol og regn. 

So sende Gud sin Ande som dogg på turre jord;

då vakna liv i lande, då grøddest vent Guds ord. 

Då er det sæle tider for Kristi kyrkjegrunn;

då lauvast det i lider, då livnar det i lund. 

Då ljosnar det i landet frå fjell og ned til fjord;

då losnar tungebandet, då kved Guds folk i kor. 

Då skin det yver strender som sol ein sumarkveld:

då gløder kring i grender ein heilag altar-eld. 

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song!

Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong, 

då me med vigsla tunga, med kjærleik heil og klår,

alt utan brest og sprunga skal lova Herren vår.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar