søndag 22. mai 2011

12. til 20. mai



12. mai

Ein dag på Elvenes. 
Vi fekk oss ein skikkeleg gardsferiedag hos Hans Arne og Marit. Nokre bilete derifrå viser stemninga:



Hanen er akkurat så sint han ser ut. Han måtte vere i ansiktshøgde for ikkje å gå til angrep. Dotter Sigrid hadde god kontroll på han. 



Søte lam kom i eitt sett. 







13. mai/fredag 13. på ordentlig


Rett i uløkka på Fredag 13.. Liv Sissel punkterte for 5. gang etter 3-4 mil! Skifta slange som holdt 500 meter. Ja ha, kva no? Midt i Morfjorden, 2-3 mil frå folk og 4-5 mil frå næraste sykkelbutikk. ????


Det er då hjelpå kjem. Eit ektepar på veg til hytta si for helga stopper og seier dei kan køyre oss til Svolvær på laurdag om vi treng!!!


Då LEIDE Liv Sissel sykkelen til vi fann ein fin teltplass med utsikt mot nestenmidnattssolå! 


.. Og koste oss med Marit sitt nydelege brød og litt vin. Hærrligt!


... .. og nestenmidnattssol blei det og den natta. Vi sovna utafor teltet og sov til lyse morgon! Hærrligt! 


JANNE LISE HEGLAND møtte opp kl 10 og køyrte Liv Sissel til den gode sykkelreparatør i Svolvær som FIKSA EIT HEILT NYTT HJUL TIL LIV SISSEL. NO DÅ!
TAKK TIL ALLE GODE HJELPARAR!



Vi brukte ventetida før Kristin Aas til konfirmasjon i Lofotkatedralen (kjerke bygd for å huse 1200 i fiskeperiodane, ho var nesten full denne sundagen). Og vi åt vaflar på trivelege Prestengbrygga i Kabelvåg, gjekk opp på Glomtind, åt god bacalao på havna i Svolvær og handla inn mat og drikke. Intet latmannsliv m. a. o. 
Så kom Kristin!



Fine, feite fruer fotograferer og fotograferes foran fjærepanorama - skulpturlandskap Nordland - før de farer fjærelangs framover - til fergeleiet Stamsund - på 17. Mai! HURRA. 


Slik såg det og ut i kunstverket. Stilig?





EIN OASE I MYRA! 
På vår veg mot Stamsund via Valberg stoppa vi ved eit relativt uunnselig hus på ein rimeleg øde strekning - er det noko her, mon tro? Vi var litt lysten på kaffe.

 
STOR var forbauselsen då vi opna døra og titta inn i DEN flotte og trivelege restauranten. Varme på peisen, kvite duker og blommar på borda, masse god mat og or'ntli blautkake! Så blei det 17.mai-feiring ligavel, i djupe, kvite stolar foran peisen. Deiligt.



Det var Per Arne og Kenneth som hadde bygd om eit gamalt bedehus, kjøp inn gamle, fine koppar og kar og fått til eit lunt, triveleg og stemningsfullt lokale. Og blautkaka og kaffen var kjempegod. Dei dreiv no på tredje sesongen. 




NORGES STYGGESTE KJERKE?
Kjerka i Stamsund.

19. mai


Vi tok turen over fjellet til vakre Kvalvika på Yttersida. Bratt opp og bratt ned. 


Midt på stranda såg vi eit kunstverk, eller? 
" havet gir, havet tar?"




















MINE TAPRE REISEVENNER. 
Dei held humøret til tross for mi planlegging, deira eigne problem (knær og punkteringar) og grått vêr. Tøffingar!


TØRRFISKDAGEN. 
Etter Kvalvika sykla vi frå Ramberg til Sakrisøy (for eit namn, fantastisk). Det var hjeller full av torskesider og torskehoder og det lukta lange vegar. Ganske god lukt, syns vi. 





















UT AV VERDEN.
Åge og Eva: de må baka nytt kart - det er ikkje plass til meg. 
Helsing frå Lofoten - fortsatt ein del av Norge. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar