fredag 27. mai 2011

24. til 27. mai


HELSING FRÅ MEG. Kom dykk ut på tur!


ANNES SARDINPANNE. 2 sultne personer
Kjøp Oskar sardiner i extra virgin olive oil, ein boks til kvar, 4 tomater, 3 store poteter og ein stooor løk. 
Del, kutt og skjær løk, potet og tomat i tynne skiver, særleg potetene. 
Stek dette



Legg så alt lagvis i den gryta eller panna du har tilgjengeleg, også sardinene. 




Salt og pepper undervegs. 
Serverast med det du har eller får kjøpt der du er, t. d. salat, småbrød eller grovt brød. Ikkje gløym ein boks sykkelfrakta øl til kvar. Velbekomme!



Annes SARDINPANNE bør helst nytast til denne utsikten.. Frå Forøy i Meløy kommune. 


TING EG HAR MØTT PÅ MIN VEG:


Skulpturlandskap Nordland

25. mai



Idag: Våt ferd frå Furøy (beste camping til no!) til Jektvik.
2,7 mil, meir enn nok i det våte vêret. 
Men det går sørover - utan at det hjelper på vêret, forstår eg. 



Blokktind, meget spesiell fjellformasjon med ein av Nordens største steinurer under. 



VÅTT OG KALDT - og STERK ange av bjørk. 



(tørking av søkkvåt lakenpose)





TANKAR FRÅ EIT KJØKKENBORD
9.30 på Hilstad i Rødøy 
Å ta seg fram på sykkel opplever eg som veldig annsleis enn å gå på ski. I negativ forstand. Moment (positive og negative)
Trillevogna/bagasjen er ikkje ulikt pulk: held deg igjen i motbakkane og seinkar farten
Du kjem ned til sivilisasjonen og møter alt det du ikkje vil ha: bilar, tusen inntrykk, bråk, ukjende menneskje.
Det er hjelp "rundt kvar sving". På den måten blir sykkelen berre eit transportmiddel og ikkje ein "prestasjon" i seg sjøl -  følelsen av å klare seg aleine vert mindre. 
Sykling er meir ensidig bevegelse på kroppen. Låra og knea tar trøkken, resten av kroppen blir kald. Skigåing oppleves meir harmonisk. 
På sykkel kan du oppleve meir: dyreliv, landskap, luktar , kontakt med folk, lokalkunnskap...
Det mest negative er biltrafikken: det er eit forstyrrande stressmoment heile vegen, anten det kjem bilar eller ikkje. 
Summa summarum stemmer Anne Bolsønes og eg fram skigåing som det foretrukne framkomstmiddel for den turoppleving vi er ute etter. Førebels i alle fall. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar