søndag 27. mars 2011

GENERALPRØVE og nedtelling.

Det nærmar seg. 14 små dagar igjen. Tok generalprøveturen i helga med Liv Sissel og Torstein - hyttenaboar og gamle kolleger frå Nærbø, bondelivet og musikklivet.
Me klarte det - nesten. Tenkte å gå ein 4 mils tur med tilsaman 600 meter stigning - i to etappar. Delte han i to til slutt.

Godt igang - ikkje så leie som me ser ut. Torstein, meg og Liv Sissel.

LAURDAG 26. mars. Nydeleg ver, steinhardt, vanskjeleg føre (bakglatt) - men på fem timar tok vi oss frå Hunnedalen via Sandvatn, nesten til Langavatn - og svisj ned Blåfjelldalen - med krokete knær.
Då sa eg stopp, dette er nok  - ca. 2,5 mil ? Ein triveleg kveld på Blåfjell med to lag + eit i annekset.
HIPP HURRA for turistforeninga!

Nydeleg ver, men vanskeleg føre. Omsmøring på gang. Liv Sissel (i smøreposisjon) Torstein poserer for fotografen og Per Gunnar veit eg ikkje heilt ...



SUNDAG  - snøver, akkurat nok til å dekke det steinharde føret frå laurdag. Stigninga frå Blåfjell (200 meter i eitt lite jafs) gjekk i raskt tempo: søren så spreke dei er, "dei Obrest". Men vi var ved hytta i Hunnedalen etter 1 time og 45 minutt - så det hadde eg klart på laurdag, hadde eg berre visst. Heilt sant - trur eg i alle fall!



Det er no utstyret skal halde - og det gjorde det - fordi at me gjekk på!
Konklusjon: bestod generalprøven - og fekk testa ulike verforhold. No må trådane samlast - fire dagar igjen på jobb, ei uke "finsish" - så er det igang!

mandag 21. mars 2011

Kryss i taket

Idag, før FØRSTE gong, ikkje tull eigong, kjende eg meg LETT då eg jogga i Melsheia. Og det er to år sidan vi starta med jogging i Melsheia. Ting tar tid.

I hate jogging, men idag var det som eg hadde ein motor inni meg - og ikkje berre låg på slep - som eit slips. Det var herrligt! Og det var eit aldri så lite løft. Eg tok berre EIN runde i frykt for at ein neste runde ville gje meg ein nedtur. Eg tok i staden ein ekstra dose styrketrening då eg kom heim. Ein god kveld!

Stille før stormen


Alvoret sig innpå. Eg har gått for lite, eg har gått for kort, eg har bært for lett, eg har sprunge for seint - og for sjeldent - og her sit eg i Hunnedalen og drøymer meg vekk. I sola. Kva er det eg innbiller meg? Kor ska  dette ende? På Lindesnes? Ja takk!

onsdag 16. mars 2011

Berre blogg

Frå og med i dag vert det ingen e-postar om turen, frå no av er det berre blogging.

torsdag 10. mars 2011

VM i Oslo


Dragning. Frå Sommarøya nord for Senja, sommaren 2010.
Var i Oslo i forrige veke ifbm jobben. Gjekk mellom møta, på holkete Oslofortau og tenkte: Tenk å glidd innover i kvitt landskap no, finne rytmen på skia, kjenne pulsen. Fekk ein ganske klar tanke: "eg vil kome i gang". Eg assosiserte det til eit svangerskap - eller heilt sikkert slik Bjørgen og Nordtug kjenner det: no vil vi i gang, no er vi klare. Petter, Marit og eg.