onsdag 27. juli 2011

Sommarhelsing frå Gudbrandsdalen, i medvind mot Dombås.

TANKAR FRÅ EIN FJELLVEG OG EI DALSIDE. 

TIDA
Når eg tenkjer tilbake kan eg ikkje forstå at det er så kort tid sidan ting har skjedd. Eg trur ein vesentleg faktor er at eg ikkje har nokre tankar om morgondagen, eg veit lite om kva han vil bringe. Dermed kan eg berre vere her og no. Til vanleg veit vi jo stort sett kva som skal skje neste dag. Vert opplevingane litt "avstumpa" av det?

VINDEN
Eg har ikkje hatt veldig mykje vind på turen, trur eg, men den som har vore har vore MOT! eg hugsar medvindmilane: 
• den første frå Bojobæskihytta på ski. Då seilte vi med vindsekken. 
• den andre på sykkelb inn fjorden til ferjeleie sør for Namsos. Ein pust i den elles verste motvinddagen eg hadde
• den tredje hugsar eg ikkje kor, ein plass i Trøndelag. 

Tre medvindsmilar og 30-40 motvindsmilar er vel ingen god statistikk?

SJELA
Morten Sandbakken spurte meg om korleis turen har virka mentalt. "eg er nesten skuffa", svara eg. "eg kjenner meg akkurat som før". Han fekk seg ein god latter. "setje ugang ein sånn tur og så verkar han ikkje ei gong". Men slik er det. 

DRØYMAR
Om ikkje turen verkar på dagtid så skjer det noko på natta, he-he. Eg drøymer om så sei alle folka eg har vore borti i mitt liv i snedige kombinasjoner. Petter Nordtug,  Magnar Hjøllo (kollega) og Eva Nilsen ( barndomsvenninne) kan opptre i ein og same draum. 
Gamle lærarar og tidlegare kolleger dukker og opp saman med "dagens" folk.  

KROPPEN
Bank i bordet, forutan den obligatoriske  
Lars Monsen- blemma, som kravde ein kviledag- har eg ikkje hatt nokon kroppslege problem i det heile. Det både overraskar og imponerar meg med tanke på at eg arbeider nokonlunde hardt fysisk stort sett 6-10 timar kvar dag. Men det er jo fint , eg er nok i ganske god form no  Trur ikkje eg har tatt av så mykje, men eg er blitt fastare. Og eg gjer ting i litt seinare tempo - kan vere ein fordel? 
Apetitten er på plass. Av og til har magen plass, men munnen kjennes for liten. 

BRATTE JORDER
Her eg sit og spiser lunsj i vegkanten oppi lia kan eg nesten dingle med beina, så bratt er det. Eg er imponert over vilke bratte jorder bøndene steller i Gudbrandsdalen. 

BYGGESKIKK
På mi ferd gjennom Savalen, Einunndalen og Grimsdalen blei eg glad over å sjå kor mange hus som vert godt tekne vare på og pietetsfullt restaurert. I alle fall som eg med mitt ufaglærte auge kan sjå. Fekk riktignok eit anna inntrykk då eg kom til eit nytt hyttefelt ved Dalholen i Folldal, der dukke dei pompøse og usmaklege hyttene opp igjen, men jamt over er det mykje bra å sjå. 





KOLLAPS - digital sådan. 
Har nettopp fått beskjed om at det 40-50 siste meldingane eg har send til bloggen har FORSVUNNE i overgangen til ny leverandør som min arbeidsgjevar har bestemt. Festleg! Eg får prøve rekonstruere etter beste evne. 

Eg sykla Grimsdalsvegen etter ein kviledag på Grimsdalshytta. Kraftig motvind - eg blei blesen bakover eit par gonger. Den laaaaange nedoverbakken mot Dovre var god - og vel fortent, om eg skal sei det sjøl. Eg fekk nesten vondt i henda av å bremse! 



Men dog litt lurt med vindu mot den sida bussen kjem ifrå. Ikkje dumt. 


Bottemsbrue - eller Bottemsbue?


Trippelpostkasse. Ingen dum ide. Fortsatt frå Lesja. 


Og her er eit liknande, berre med blomar på sidene. Alt folk gjer for å laga trivsel rundt seg. Eg er heilt imponert. 



Det mest forseggjorte til no. Berre synd det ikkje var eit busskur. Men eg tipper bussen hadde stoppa om eg stilte meg opp. Så då så. 


Same skuret. Koseleg å vente på bussen her. 


Moderne form for mjølkerampe?


Heilt ny vri, eller var det gamal vri?


Lite utsnitt. 



Med moderne meldingar. 


Og her er mitt bidrag. Eg slo leir ved bommen til Slådalsvegen, på Lesjasida. Sove og spare krefter til i morgon.....


Her søv eg, i mitt lille kvinnelege einmannstelt. 


Sommar, sommar, sommar. 


28. Juni- motbakke og motvind- dag!
Eg starta med å sykle i motbakke i 1,5 time - det er ikkje tull ei gong, eg tok tida. Gjekk ca 300 meter, sykla resten. 
Då var eg oppe på fjellet, men der fekk vinden tak så det var som å sykle i motvind dei neste tre mila og! 
Fyttikatta som eg sleit. Hadde det vore folk i hyttene så hadde eg spurt om ein kopp kaffi! Holdt på å spørje ein bilist om å få kome inn og sitte litt i bilen. 
Men det meste tar ein slutt - og då bars det nedover! Hærrleg!


Eg nådde det GRØNE Vågåvatnet, tok ein god og velfortent(!) rast i varme Vågå sentrum ( ganske triveleg) og sykla like greit Solsidevegen (!)  dei tre siste mila til Lom - målet for sykkeletappen. Undervegs, langs Solsidevegen, møtte eg dette. 


Morosamt. 


dette.......


 ... og dette. Alt folk kjem på. 


BYTEDAG I LOM. 
Eg låg to netter i Lom. Då fekk eg sett STAVKYRKJA, lånt ei bok på biblioteket ("fra de gamle prestegaarde", frå 1902 av Else Aubert, fornøyeleg lesing). Eg åt og koste meg på det populære Bakeriet i Lom (Morten Schakenda, tidlegare sjef på GI) og eg fekk SEND SYKKEL OG TRALLE HEIM. Det var enklare enn eg trudde: eg møtte opp når bussen kom, sette bagasjen inn, betalte kr 330 og sa det skulle til Oslo. Gunnar møtte opp og henta alt kl 23.15 på Grønland. Veldig greit. 
.. Og eg besøkte Norges minste pol. 4-5 vinsortar og 2-3 whisky. Sjarmerande. 


SOTA SÆTER - verd eit besøk
Sota Sæter har dreve innlosjering i lange tider. Då eit ektepar kjøpte og restaurerte det på 70-talet fekk det sin noverande form med mange flotte, gamle bygningar rundt eit tun. Etter ein særdeles god middag, særleg desserten!!!!, bar det til sengs.


Å PAKKE SEKKEN .
Eg sat igjen med ein hau pakkenellikker som no skulle oppi ein Bergand Trollhetta Lady ( jommen sa eg Lady) 75 liter. Er det mogleg? Ja, det var det, men det veide 21 kilo iflg vekta på Turistkontoret i Lom (hyggeleg jente!)
EG FÅR JO IKKJE SEKKEN OPP PÅ RYGGEN!!
Med buss og drosje ankom eg med to andre litt skeiv, skakk og skeptisk til vakre Sota Sæter. 


Smart løysing, ein halv meter privatliv på kvar. 


FØRSTE ETAPPE - schtønn!
Starta kl 10 laurdag 2. Juli. Etter 7 timar med 21 kilo på ryggen starta stigningen mot ein isbre-arm. Eg sleit meg oppover, måtte fleire ganger stille meg i vinkel for å få litt kvile av ryggen. Eg var innom tanken om hjartet mitt tålte dette (seriøst!). Det for ganske mange tankar gjennom hodet mitt då. 
Klokka åtte, etter 10 timar på jobb, ankom eg Sprongdalshytta. Lasse, svensken som starta samstundes med meg frå Sota, hadde kome to timar tidlegare. Godt å kome i hus. 


Sprongalshytta - Arentzbu. Ein ny prøvelse. 
Tåke og regn, masse vatn og motbakkar. Lasse Jalling, ein svenske som har gjort nordmann av seg, var heldigvis interessert i at vi gjekk i lag. Vi vada (berrføtt!) 5 elvar, den djupaste rakk til over knærne og den breiaste var 200 meter, ikkje tull ei gong! 
Vi såg heller ikkje mykje pga tåka, bortsett frå slutten då dei mange fossefalla imponerte. 
Bilder: Lasse Jalling etter 200 meter vading. 


Denne vada vi, 200 meter!!


Nøgd etter vading? Eller krampaktig smil før?


Det blei kviledag på Arentzbu MED SOL! Det var hærleg å kvile slitne lemmer! Einaste plassen eg ikkje var støl var i magen, heilt sant. 
Arentzbu er ein nydeleg plass. - BØR OPPLEVAST! 
Etter kviledagen bars det mot Nørstedalssæter, også det ein krevjande nok etappe. Men no var det sol. 
Bilete: Lasse har nettopp klart å kravle seg ned ei høg bru over ei fresk elv innunder Hagbartbreen. 


45 GRADER BRATT!
Den siste innspurten etter 8 timers tur var 3-400 meter rett ned og deretter 3 kilometer smertefull gange mot Nørstedalssæter. Eg begynte å kjenne saker på baksida av høgrefoten eg ikkje likte.  Det var veldig greit å ikkje vere aleine på turen!


Mykje vatn, mykje stein og grått i grått mot blått og kvitt. Sterke intrykk. 

Blid, men sliten etter nedstiginga. 


KONSERT I DET FRI
På Nørstedalssæter nådde vi akkurat ein betre tre retters middag. Etterpå held dei to amerikanske søstrene som var kjøkkenhjelper, ein konsert. 
Fiolin og cello i det fri - ein augneblink av lukke!

6. Juli: Nørstedalssæter - Stølsdalen
Frisk oppstart dagen etter. Det var meld dårlegare vêr utpå dagen. Vi visste vi hadde sjangs på god utsikt og forsøkte derfor gå på litt. Men pause må vi ha, her i live bak ein stein. 


Lasse og eg avslutta vår "gå-i-fjellet-aleine-tur" med kjempedgod tre-retters middag på Turtagrø med dertil anbefalt vin. 

Siggen og eg hadde kontakt og blei samde om å prøve treffast på Olavsbu sundag kveld. Eg forstod eg måtte ta ein pause og var interessert i å nærme meg bilveg fortast mogleg. Gjekk frå Turtagrø og rett aust gjennom Keisarpasset. 
Blide og aktive Siggen, mi gode barndomsvenninne! 


Siggen og eg kom til Olavsbu med ein times mellomrom! 
Eg var temmeleg sliten, Siggen ordna det meste - og underheldt og skapte stemning på Olavsbu. Siggen og meg er eit godt team! 
Vi hadde fire-fem morosame, varierte og spennande dagar saman: til Leirvassbu, deretter Jotunheimen rundt, delvis med gratis skyss. Så ned til Årdalved Sognefjorden, opp til flotte Vetti og Vettisfossen og retur via hyggelege Lærdalsøyri til Tyin og Fagernes - der eg tok flyet i lag med ein passasjer til Oslo. 
Flyet var svensk, flyvertinna var dansk og dei to passasjerane var norske. Ei nordisk oppleving. 


Janne og Lasse tilbau seg å byte sekk med meg, dei ga meg gåstavane sine og var i dei heile gode støttespelarar på vegen til Olavsbu. Og dei var litt støle og slitne dei og.


Hadde og avtalt tur til Sveits med Per Gunnar, Inger, Sissel og Gunnar og feriedagar med Per Gunnar før det. Eg måtte berre gå.  



Eit heilt bed av fjellsmelle. Det lyser opp i ein elles karrig fjellheim. Flott. 





Varder er fine!


Lasse gjer seg klar til innspurten, Stølsdalen-Turtagrø, der han skulle treffe kjærasten sin, Janne. 
Stølsdalen var eit mygghøl!! Og den fulgte oss halve turen mot Turtagrø.


Etter lukka på Liabreen sklei/dansa vi ned på snøen/breen.  Der var reine massasjen for min gjennomstøle kropp. Det var også idag lengre til hytta, Stølsdalen, enn vi trudde.  
Eg skjønte plutseleg kvifor Turistforeninga treng så mange folk til dugnad - dei skal jo flytte hyttene!
Men vi kom då fram i dag og. Og fekk oss Trøndersodd!! 


Stilig utedo

Utsikten frå det tidlegare viste utedo - i posisjon! Legg merke til formasjonane i bakgrunnen. 

Her har eg zooma inn dei same formasjonane. Fascinerande landskapsformer, ned mot Fortundalen. 


Av og til undra eg meg over kva for trasear og løyper Turistforeninga sender oss ut i. Bratte skråninger,  sleipe skrentar og flomstore elvar. IKKJE FOR PINGLER!


Vi kom opp i godvær! Frå Liabreen såg vi Galdhøpiggen, Smørstabbreen, Fanaråken og Hurrungane i aust, Jostedalsbreen i vest og aninga av Sognefjorden i sør og Lom/Bøberdalen i nord. NOK EIN AUGNEBLIKK AV LUKKE - på Norges tak. 


No har eg kome SÅ LANGT, no tek eg 14 dagar avbrekk med min kjære Per Gunnar - og ungane mine. Skal bli godt. Ha det så lenge!



 Takk for turen, Lasse, du var eit usedvanleg triveleg turfølgje!