mandag 13. juni 2011

6 juni forts

Etter den deilige dagen idag på Inderøya måtte eg vidare og då begynte det sjølsagt å regne. Men det var varmt og då er det ikkje så farleg. Møtte faktisk på to som begge hjalp meg dytte sykkelen opp dei ganske bratte bakkane. Dei blei liksom prikken over i'en som gjer at eg har forelska meg skikkeleg i Inderøya.
Dei skal jo til og med ha "Inderøyfest" til helga med eig godt program, ikkje berre rai-rai: operakafe, Jonas Fjeld, Trondheimsolistene, Bjørn Eidsvåg... for ei bygd.
Og så møtte eg på eit busskur te, måtte stoppe ..






Så no ligg eg her i teltet mitt, god og mett - og litt solbrent - og full av gode inntrykk. Koser meg og med utsikten over  fjorden her - det er jo Trondheimsfjorden! God natt.










7. juni

EIN UNDERLEG HISTORIE.
Historien starta med Paul Sverre Røed, ein kollega i Nord-Trøndelag som  eg hadde lunsj med i Verdal. Han anbefalte meg å sykle ein grusveg over Skogn og Markabygda, ned til Skjeldstadmarka i Stjørdal - for å sleppe ca 1 mil på travle E6. Høyrtes fornuftig ut.




Paul Sverre er 1000x meir forelska enn han ser ut på dette bilete!




.. og eg la i vei frå Verdal'n i tre-tida, til og med ferdig frisert for bryllupet til Jon og Fenny som eg skulle heim til i pinsa. 


.. passerte Skogn og garden til Harald og Kari Myhr som eg jobba på sommaren mellom Vefsn LANDBRUKSSKULE og ÅS (1978, 33 år sidan!!) hadde tenkt å dra innom, men hadde det litt for travelt då eg skulle nå fram til Stjørdal hos Anne Elisabeth ( mitt søskenbarn) og hennar mann Terje - før det blei seine kvelden.



SÅ STARTA DET!
Midt mellom Markabygda og Skjelstadmarka, etter cirka tre-fire mils sykling frå Verdal,n, høyrde eg ein
lyd frå trillevogna bak. Eg snudde meg og såg regnjakken holdt på å ramle ut. Då eg skulle legge han på plass såg eg at heile ryggsekken min var borte! HÆ? 
Då kom det faktisk ein bil - den første sidan grusvegen begynte for eit par mil sidan!. Eg stoppa bilen og spurte om dei hadde sett ein sekk?  "Nei, men vi fann ei bukse", sa Helge Ulriksen som saman med son og dotter hadde vore på fisketur. Han var ikkje snauare enn at han køyrde meg eit par mil tilbake og såg etter sekken. Men ingen sekk, verken i vegkanten eller i grøfta. Derimot fann vi den nykjøpte lua mi (Inderøy-kjøp) som låg og lyste så fin og raud midt i vegen.
Eg måtte berre sykla vidare utan sekken. 
Eg roa meg med at sekken nok kom for ein dag, folk flest er ærlege og likar å hjelpe. Slik har det vore på heile turen.

JORD OG HIMMEL I BEVEGELSE
Eg ringte både politiet og TrønderAvisa dagen etter for at eg skulle auka sjangsen for å få igjen sekken. TrønderAvisa lovte å lage eit oppslag om den forsvunne sekken, politiet a meg ringe igjen om nokre dagar. 

Jaha, skal eg no begynne å kjøpe inn nytt utstyr eller vente og sjå .. ? Eg drog til Trondheim, traff Eva og Berit og lurte på kva eg skule gjere Hadde jo nokre dagar i Rogaland foran meg. 

Men eg hadde ikkje trengt å bekymre meg:


HAPPY END.På kvelden fekk eg ein telefon: "om eg sakna ein sekk?"STÅLE FJUGSTAD frå Skogn var på veg heim frå jobb natt til onsdag. Ved Rinnleiret rett sør for Verdalen såg han det låg diverse ting mellom E6,n og sykkelstien, bl. a  ein ryggsekk. Hm, tenkte han, stoppa og plukka det med seg, skjønte at her har nokon vore uheldige. Heime måtte han sjå på innholdet.  Han fann både sure sokker og skitne underbukser samt ein del turutstyr. Han er sjøl friluftsmann og skjønte at innholdet har stor verdi for eigaren, lite for andre. På ein post-it-lapp i sekken fann han diverse mobilnummer. Han sende ein SMS til alle med spørsmål om dei visste kven som kunne eige utstyret. Han fekk svar frå ein av dei (Inger Teigstad?) og ringte det oppgitte nummeret. GJETT OM EG BLEI GLAD?
Eg var spesielt nøgd med Ståle sin kommentar om at han såg det ikkje var nokon amatør som hadde pakka sekken!! 
Sekken blei sett på Bunprisbutikken på Skogn der Eva Nilsen køyrte meg (TAKK, EVA!!) og vi fekk henta han i all hast Torsdag morgon, før eg såvidt !! rakk flyet til Stavanger det eg skulle i bryllup til Jon (nevø) og Fenny i pinsa. 






DEI GODE HJELPARANE:
Son, Helge Ulriksen og dotter Lise var på veg heim frå fisketur då dei plutseleg såg ei bukse som låg så fint på vegen....





Le
Terje Bakken, gift med søskenbarnet mitt, og eg etter at han hadde TATT BAGASJEN MIN DEI TO SISTE MILA (utan ryggsekk) til Stjørdal.  For ein draum å sykle utan bagasje. (Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.)



Eg overnatta til Anne Elisabeth og Terje - som fekk bala med meg, min bagasje og mitt surr nesten eit heilt døgn!
Dei er så hjelpsomme - TUSEN TAKK



Anne Elisabeth Bakken, mitt hjelpsomme og trivelege søskenbarn på Stjørdal.



.... og dei har det så nydeleg. Her frå terassen i sol og 25 Grader dagen etter.ekst












8 juni og resten av pinsa. 


TRONDHEIM MITT TRONDHEIM!
Eg tok alså toget til Trondheim etter å ha vore innom eit anna søskenbarn på Stjørdal, Rigmor. Eit kort og triveleg treff.
No sto sykkelen hos Anne og Terje, eg var SYKKELFRI i fem dagar!!!!




Frå blomsterbroa i Trondheim, mot bryggene langs Nidelva, stille og vakker du er ....

Traff Berit og Eva som er engasjerte i norsk helsevesen!
Ein varm (26 grader!)  og fin kveld på terassen hos Eva. Og nesten det beste av alt, det var her eg fekk telefon om at sekken var funnen. Saliga London!







Mads, nevø av Eva, og Natalia, hans kjæreste, kom og innom ein tur.





Resten av pinsa blei eit stort og flott bryllup på Gullingen i Suldal - FOR EIT ARRANGEMENT - IMPONERANDE. Bilete tilhøyrer privatsfæren. 
Det blei og ein kveld innom hos Åge og Eva, med Jone og Hanne og Else Johanne og Steinar som hadde vore på Eagles- konsert.

.. Og elles i heimen med Per Gunnar og Gunnar. Tilhøyrer og privatsfæren. 




mandag 6. juni 2011

27. mai til 6. juni


26.mai til 2. Juni
ANNAKVAR DAG.
Eg har hatt finver så og sei annakvar dag. Nesten påfallande.


SELSOM OPPLEVELSE
Anne og eg skilte lag frå Kilboghamn. Rett etter hadde eg ein selsom opplevelse, eg høyrde ein fugl eg aldri hadde høyrt før. Eg tok fram kameraet og fekk bl. a. dette:



Joda, det var ein kar som jaga ein reinflokk med moped og fugleskrek.


Eg hadde ein nydeleg dag. 
Nøyt ved på Bratland i frodige og vakre Aldersundet vest for Mo i Rana. 
Det er forresten der den hemmelege lyttestasjonen som utløyste Lorang C-skandalen på 70-talet (?), der to SV-politikarar avslørte at Norge stilte grunn for innstalasjonar for framande makter utan openheit eller politisk diskusjon. 
Eg besøkte Grønvik Kystfort, eit av Tysklands mange hundre forsvarsverk langs kysten som utgjorde Festung Norwegen. 
Eg slo opp teltet på ein høgde mellom to vassjuke jordar. Spurte ikkje grunneigaren og blei ikkje jagd heller. 
Ein boks øl smakar godt etter dagens dont, egenhendig frakta. 
Ingen bilete pga økonomisk stopp frå mobilleverandøren si side. Eg torde ikkje påføre arbeidsgjevar meir utgifter!


NÅR SMØRET ER HARDT OG TUNNELLANE BEST. 
Vakna til regn - og sånn blei dagen. 
Hadde trøbbel med å få smøret ut på skjeva, la det ut i klumpar til slutt. 
Etter kvart var det godt å kome inn i tunnelane, to stk a tre km kvar+ + nokre små - der regna det i alle fall ikkje. Forbi Utskarpen og 400 meter stigning over Sjonfjellet.


BLÅ FOT. 
Den eine foten blei nesten bla då han fekk varm dusj etter ankomst Nesna Camping. Godt! å kome i hus, eg spanderte hytte!


VAKRE SANDNESSJØEN 
Så fekk eg ein god dag igjen. 
Sykla 7,1 mil på 5 timar og 20 minutt. Ny rekord. 
Starta seint pga kvelden før! 
Passerte flotte Helgelandsbrua, sykla under dei sju søstre, vidare mot Tjøtta for å nå Marit Dyrhaug som eg hadde kontakta på morgonen og meld mi ankomst anten ho ville eller ikkje!





NÅR TRØNDERA MØTAST....
eg traff to gravemaskinreperatørar som var trøndera - og då går det som det må gå! Eg tørna inn halv ett (ny rekord), dei andre halde på til klokka fire. 
Med var og Aurelio, ein brasilianar som var kokk og på jakt etter norske oppskrifter. Skulle visst skrive bok!



Det var som å sykle i ein einaste lang park. Bilete yter ikkje verkelegheita rettferd, det var mykje finare og vårlegare enn dette.


... og elg møtte eg og. Han var tydeleg van med folk. Alstadhaug er ein av kommunane som fekk "invasjon" av elg for ein del år sidan. Dei måtte lage opplegg for reduksjon av bestanden. Fortsatt er det mykje elg, tuslar i hagane til folk. 


DANNELSESDAGAR PÅ TJØTTA. 
Eg fekk to trivelege dagar hos Marit Dyrhaug. Ho har eit kjempekoseleg hus og ein nydeleg hage. Ho møtte meg med rakfisk, flatbrød, potet og rømme - nam-nam! 
Vi tok ein roleg sykkeltur i det heller dårlege vêret. Og eg måtte fortsatt begrense fotograferinga i tillegg til at eg ikkje lenger hadde lader: lagt igjen eller mista! Gjett!

Marit ga meg husly, baud på god mat og drikke og fortalde om livet på Tjøtta både i dag og til andre tider.
Takk for hyggeleg opphald, Marit. Vi trivdes i kvarandre sitt selskap, var det ikkje så?

RIGEL - NORGES STØRSTE SKIPSFORLIS. 
Besøkte bl. a.  Tjøtta krigskirkegård der det etter fleire ti-år kom opp minnesmerke etter senkinga av krigsskipet Rigel der ca 2600 russiske krigsfangar og tyske desertørar omkom. Det er fortsatt diskusjonar om dei allierte visste at det var krigsfangar og ikkje tyske soldatar ombord. 



DAGENS HELT. 
Terje Bergesen på hurtigbåten Thoralf Kveldursøn køyrte heim på sin times pause på jobb, henta ladaren sin og ga han til meg!!


Det blei mykje båtkøyring den dagen for været blei så kaldt på mi ferd frå vakre Vega og uti øyane Herøy, Brasøy og Dønna at eg hoppa på ein tidlegare avgang. Men denne skulle jo fleire rundar før han returnerte til Vega. 6 timar var eg på båttur, heilt greit.


VAKRE, IDYLLISKE VEGA. 
Eg fekk to netter der båtmannskapet passa på meg, ved Kirkøy på Vega - verdsarvstad frå 2004, særleg pga av samspelet mellom menneskja og ærfuglen. Det vert laga ei handfull edderdunsdynar pr år fortsatt. Pris visstnok nærare 40 000 kr  men så er dei fantastiske og  
Eg fekk to trivelege sykkelturar tvers over øya. Men E-museet gjekk eg dessverre glipp av. Får kome igjen ei anna gong! 



Øyer, vatn, viker og bukter liksom i fleire "etasjar" overalt langs Helgelandskysten. Og i det fjerne ser du gjerne ein markert topp som enten er Lovund, Hestmannen, Dønna, Træna, Torghatten eller Lekamøya. Arti sagn om øyane og Dei Sju Søstre, fjella bak Sandnessjøen.


31. MAI - EIN GOD DAG. 
Sykla 2 mil over Vega og tok ferja til Horn. Sykla så ca 1 mil til Hildurs Urterarium som eg har høyrt om. Fekk ei oppleving av dei sjeldne! 

HILDURS URTERARIUM - EIN OASE. 
ANBEFALES!!



Heimelaga pølse av limousine-fe med juskokte gulrøtter, potetmos med rømme og graslauk og saus på kalvesjy. Det smakte aldeles nydeleg!
Eg åt opp alt sjøl om eg ikkje var sulten. 
Er de i Brønnøysund-området må de dra til Hildurs URTERARIUM!




Eg dro nedom Brønnøysund sentrum der eg fekk fiksa sykkelen min hos NOK ein triveleg sykkelreparatør - hos InterSport. Han kjende Truls i Tromsø, Siggen og Eva!
Og eg fekk kjøpt ei flaske av Hildurs rødvin, skal bli spennande å smake på - eg har ikkje dei store forventningane til norsk vin må eg berre innrømme. 





Dei har holdt på i ca 30 år, har idag rundt 200 urter i ein hage med medisinske, giftige, bibelske og matlagingsurter. I dag er det tredje generasjon som er engasjert i drifta. 
Biletet yter ikkje hagen rettferd, sesongen er ikkje i gang enno. 



Hildurs URTERARIUM har restaurant , gardsutsal, møtelokale, vakker hage ++.
Eg traff på Laila (frå Stjørdal!) og ho tok imot meg på beste måte sjøl om ho hadde fridag. Sonen Ronny og svigerdotter Aina hadde ansvaret for kursgjengen som var der i dag. 
Vi snakka litt matfilosofi, turisme og gardsdrift og enden på visa blei at eg fekk ein lunsjtallerken. 




GUNLEIV OG MARIANN. 
Eg sykla nok eit par mil og troppa opp uanmeldt! hos Gunleiv Grude, ein studiekamerat frå Vefsn og Ås. Vi kjende kvarandre igjen!
Eg ba om ein dusj, var svett og skitten etter to netter i telt, og eg ymta vel nesten frampå om overnatting. No problem, eg fekk dusj, eige rom, oppredd seng, kaffi, kveldsmat, runde på garden (Gunleiv slapp no fjøset då, sonen Tor Eivind blei beordra ut. Populært!) og til og med eit glas vin før natta! Godt!
Midt i besøket ringte Eva frå Trondheim og vi fann ut at Eva var venninne med søskenbarnet til kona til Gunleiv og hadde vore heime hos dei. Verda er ikkje stor, Norge er eit lite land, Sømna er i alle fall ein liten kommune!
Kona Mariann rekneskapsførar kom heim kvart over tolv, 31. Mai - siste frist.


På ca 30 år har mjølkeprodusen-talet på Sømna gått ned frå rundt 160 til 60-70! Kommunen er Nord-Norges største jordbrukskommune med ca 30 000 dekar dyrka (Hå på Jæren har ca 115 000 dekar). 
Den nye, litt feitere gulosten (den orange) vert laga på Sømna. 


TAKK. 
Eg fekk så godt stell hos Gunleiv og Mariann at eg gløymde å ta bilete! SØREN OG. Men takk!


SØMNA - KOLVEREID 
Ein god dag igjen. 
Punkterte på trallehjulet, men klarte lappe og finne den spisse gjenstanden i dekket etter andre gangs punktering. Litt stolt. 
Sykla feil, mista derfor butikkmuligheten men gadda ikkje snu etter ein drøy mil. Såg eg kunne " kome på igjen" litt lengre nede. 




NYTT TERRENG
Kom inn i meir trønder-terreng og trønderlukt (gran?) i Bindalen (sørligste nordlandskommune). 
Slo opp teltet ved ei fjære og sov godt. 
Møtte forresten fire tyske mannlege syklistar i dag (2x2). har berre sett to på heile turen til no. Så det er tydeleg juni har starta., he-he. 



EIN TRIST DAG. 
Vakna til pissever og kraftig vind, noko eg har hatt lite av på turen. Det starta med at eg oppdaga at eg hadde LAGT IGJEN REGNJAKKEN hos Gunleiv på Sømna. Og etter kvart kom eg då på:
Eg har mest ikkje mat igjen
Mobilen går straks ut
Eg las ut boka mi i går
Eg vert klissblaut og truleg kald om eg syklar
Eg MÅ nå ein plass med mat i løpet av dagen 
Kva gjer eg no? 
Eg var mest irritert på meg sjøl, eg såg jo jakken hang på knaggen og sa eg måtte hugse han! FILLERN. 
Kva gjorde eg? Sov, skreiv notater og tenkte til ca klokka fem. 
Fann ut  eg kunne ta tre hol i søppelsekken og heller berre bli blaut på armane. Eg la i veg, men søren så stridt: eg brukte lågaste gir på flata og møtte trø i nedoverbakkane. I to mil. Trillevagna er eit skikkeleg vindfang, særleg i motvind!
GODT då å kome til Kolvereid Hotel , få eit rom til kr 650, ta ein dusj, gå ned i restauranten og få seg ein halvliter og ein indrefilet med fløtegratinerte poteter til kr 198. 



MITT VÅTE MARERITT. 
At det går an: her kjem eg til Trøndelag - og så får eg det dårlegaste vêret på heile turen - kvar dag. Eig de ikkje folkeskikk lenger i min gamle landsdel. Trøsta - og håpet - får vere at eg enno er i Nord-Trøndelag. 
Av dei 6 syklistene som overnatta på Kolvereid hotel i natt var det berre eg som ikkje tok bussen til
Namsos i dag morges. Eg åt i staden den største frokosten eg nokon gong har ete, trur eg:
5 skjever
Nesten ein liter mjølk
3 kaffekoppar 
Kom meg avgarde ca kl 12, i nyinnkjøpt "spunst tett" regnjakke. 
Å du og du som det blåste - eg stod nesten stille nokre gonger. 
Etter ca ei mil svingte vegen mot aust. Her kunne eg fortsette rett fram mot Abelvær, tatt båt og sluppe ca 3-4 mil, men eg valde vest egen. Då fauk eg avgårde til ferjeleie Hofles som ingenting. Medvind. 
KVA DRIV MEG?
Eg har fundert litt på dette idag: kvifor vel eg ikkje dei lettare løysingane av og til, når det er rimeleg grunn til det? Har kome til at eg vil oppleve Norge SLIK DET ER - og ikkje slik det passar meg i ny og ne. 
Eg dør jo ikkje, eg kan fryse litt, ha det kjedeleg, vere trøtt og lei - men det er jo heile poenget.
SER DE KOR VÅTT DET ER?
Det var vått overalt. Vann i lufta, eg sykla i bekker på vegen, det rann brunt i veg-grøftene og det rann etter kvart nedover ryggen på meg. 
Eg syklaog sykla. 200 meter stigning opp på Hestmarkfjellet, der skulle eg etter boka nyte utsikten bl. a. mot vindmølleparken på Abelvær. Alt eg såg var furutrær i tåka. Og ein blåne bak, og ein te..., i grunnen ganske fascinerande. Eventyrleg. Og sjå på og nærast kjenne kor alt var gjennomtrukke av vatn. 
Den første halvdelen hadde eg til tider ganske kraftig motvind. Då regnet sette inn for fullt dabba heldigvis vinden etter kvart av.

KOR E NAMSOS?
Eg sykla og sykla.... Ingen hus eller hytter, ingen skilt som fortalde kor langt eg var komen. Berre knausar og holmar, fjordbotnar og vikar, tang og tare og blåne bak blåne  Trur eg i løpet av dei to siste mila forventa å sjå Namsos bak kvar sving.
SLITEN!
Etter boka ser det ut til at eg har sykla 7,3 mil i dag! Slik kjendest det og påmslutten  Litt som då vi sette 78-platar på 33 i gamle vinyl-dagar.
Plutseleg var eg midt i sentrum. Ei triveleg kiosk-dame hjalp
meg (ville sende med meg mat, lurer på koss eg såg ut?)
EG TOK DROSJE til campingen som låg 4 km på andre sida av byen. Eg orka ikkje meir. God natt 


NAMSOS- SJØÅSEN, fattige 2,5 mil - ny rekord. 
EG ER LEI AV Å SYKLE I MOTVIND!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Nedanfor: Restane etter eit kvinneleg herremåltid:
160 gram marinert ytrefilet av svin
500 gram fløtepoteter
225 gram miksa salat
1 boks Dahls pils


ARTIGSTE MED NAMDALEN VAR BUSSKURA






.... og at det endeleg kom ein soldag!!!
FRYD OG GAMMEN!
...eg nærmar meg visst Trøndelag, ja

Eg sykla rett forbi Steinkjer i godvarmen og til starten på Den Gyldne Omvei, eit grasotinitiert prosjekt som har vakse seg levedyktig etter mange år. Ein omveg frå E6, over Inderøya (utt. Ijnnerøja) på 8 minutt, men som byr på mykje meir.
" - det beste i livet finner du gjerne når du tar en omvei", seier dei sjølv.
Eg overnatta på Camping her og. HÆRRLIGT å kunne hive ting frå seg utafor teltet, pakke ut i ro og fred - og ikkje berre krype rundt på 2 m2, for ikkje å sei 1m3, som det følast som av og te.  


BEGEISTRING. 
Ein kulturell og sosial dag i sakte tempo over Inderøya - meg ikkje under 20 grader.
Første stopp Gangstad gårdsysteri, full guffe med fleire tilsette som lagar populære ostar, iskrem og diverse. Sel mykje i Trøndelag og Oslo. Astrid Aasen i førarsetet, skikkeleg dyktig dame. Ein av ildsjelene bak Den Gyldne Omvei. 

Ganske koseleg å kome hit?








Så bars det hit, berre nokre km unna.


Frå det same gardstunet. Dei har, i inngangen til høgre, sett i stand ei "kårstu" for servering. Her var det fine gamle ting som vekker minner ...


Liv Elin Olsen på Gulburet sel gardsmatprodukt, bakar brød, lagar spekepølser etter oppskrift frå Innherredssoddet si mor (Signe Gullberg),  tek i mot grupper for servering i ei ombygd smie, leier ut låven til ei vevstue og har kunstutstillingar det  Og har dette som ei god inntekt i tilleg til gardsdrifta. Dei har forresten hatt plettfri mjølk samanhengande i 15 år og motteke Tone si sølvtine for dette. 



Sjefen på Gulburet likte ikkje å bli fotografert! Men eg fekk lov, likavel. 


Ein deilig dag og eit deilig tun.


Så sykla eg vidare gjennom nydeleg kulturlandskap og kom til Straumen, kommunesenteret på Inderøya. Inderøy og Mosvik kommune ( den Petter Nordtug er ifrå) har forresten slått seg saman og fått regjeringa si pengepremie for det, store summar.
Er no 5-6 000 i kommunen.
Straumen er ein nydeleg stad, eller rettare sagt: nede ved elva ligg det gamle, nydelege og idylliske Straumen.  Bak ligg det moderne og vanlege, stygge kommunesenteret med kommunehus, firkanta skolar, idrettshall som er plassert litt i hytt og vêr. Ikkje noko spesielt. Men det gamle...






Eg var så heldig å kome i prat med Randi og Per Skjærvold (nevø av Harald Skjærvold).  Dei kunne fortelje mykje om Nils Aas - billedkunstnaren frå Inderøya (dei som ikkje har sett hans arbeider har mykje å gle seg til) og det viste seg vi hadde fleire kontaktpunkt då dei har vore engasjert i organisasjonslivet som bønder og vore fleire gonger på Jæren. Eg blei buden på kaffe og vi hadde riktig så triveleg ein prat. 



Sjå det ansiktet: får eg noko fisk?


Ekorn. 



Har ho fått noko å tenkje over?


Fin bru i parken, midt i Straumen. 



Nils-plassen, ein liten bortgøymd plass i parken, passar godt til Nils Aas. 


Nils Aas- skulpturar frå den lille, trivelege Muustrøpaeken 
Denne: Fiskaren 



Eg sykla litt rundt, UTAN TRALLE, og blei mektig imponert over Inderøya og Straumen. Var oppom "Husfrua": sonen til Kirsten Verdal og sambuaren som har flytta ei diger trønderlån til garden som ligg høgt og fritt med fantastisk utsikt. Her har dei starta overnatting og servering. 
Naboen har starta Øynaparken med eit triveleg, moderne serveringslokalr, ein stor Gildehall og uteaktivitetar for familier, team og lag. Eg åt ei kraftsuppe der med skikkeleg SMAK I. Det var rett og slett ei god oppleving. 
Inderøya gav meirsmak på alle måtar!