Om meg

Marit Størseth
Bur på flotte Sandnes i Rogaland
Er opprinneleg frå Trondheim
Per Gunnar og meg - 30 år sidan! I Kina.
Blir 55 år i 2011
Er gift med Per Gunnar
Har 3 barn  (27, 26 og 21) - alle utflytta frå heimen
Arbeider som forretningsutvikler i Ipark (Innovasjonspark Stavanger) med å få fram nye vekstbedrifter innan Mat&Natur-området.
Har landbruksbakgrunn.
Har budd på Jæren, nærare bestemt på gardsbruk på Hårr på Vigrestad, i 20 år.

Reknar meg for eit normalt menneskje med normale interesser og normalt aktivitetstempo. Har alltid trent nokonlunde jamnt, blitt meir etter at vi selde garden og ungane flytta ut. Vi kjøpte oss hytte i Hunnedalen og ein kajakk kvar og har vore på mange flotte skiturar og på mange flotte plassar dei siste åra, i lag med mange flotte folk!

Ga meg sjøl i 50-årsgave å skulle gå Norge på langs, i eitt, før eg fylte 55.



Kvifor det?
1. Hoppe av karusellen for ei stund, gjere noko heilt anna.
2. Gjere meir av det eg har hatt for lite tid til - gå på tur, vere i norsk natur og norske fjell
3. Kjenne følelsen av å vere berre meg og sekken - that's it. Fri og frank!