søndag 21. august 2011

Slutten av eventyret (???)

RAPPORT SISTE ETAPPE 9. - 19. August. 
Måtte forlate Haukelisæter ALEINA! 
Det går det og  - og ein legg kjapt merke til dei (få) personane som går same vegen. 
Bileta nedanfor er teken 180 grader kvar veg i Turistskaret. Det eine mot nord og Haukelisæter, det andre mot sør og Hellevassbu. Her ser ein heile dagsetappen. 


Det andre bilete  "sørigjønå".


Hyggeleg kveld på Hellevassbu. 
Nesten heile forsamlinga, frå venstre:
Magnhild og Turid som hadde tre dagsetappar mellom to gourmetmåltid på Haukelisæter - den siste på 9 timar fordra eit måltid å sjå fram mot, heilt enig. 
Lobke: nederlandsk 28-åring som for andre år på rad gjekk aleine i norske fjell - og trivdes med det. Ho var forresten dansar, det kunne me sjå. 
Ragnvald og Sigurd - to eldre (unnskuld), seige herrar med godt humør. Sigurd brakte ferske inntrykk frå stemninga i Oslo - ganske sterkt. 



10. august
HOLMEVASSBU - BLESKESTADMOEN: ei rein nyting. 
Hadde triveleg følge med unge Lobke (eg kunne vore mor hennar) 
Eg brukte delar av dagen på å fundere på kvifor alt gjekk så lett etter Haukelisæter: ville eg heim?, ville eg heim til Per Gunnar?, hadde Per Gunnar tatt SÅ mange kilo?, hjelper ein kviledag så mykje? - eller ein kombinasjon ? Held ein knapp på det siste. 



Uansett: det var ei sann nyting å kome ned i bjørkebeltet ved Reknskvæven til lune moltemyrar, krekling, blåbær....



.. hyggelege små tjern ....



... blåklokker i vinden ...



... fargerike moser (?) ....



.... trær og graskledde moer ....



.. og det heile omkransa av bergknausar som likna mjuke kvinnekroppar!



Då eg kom fram til BLESKESTADMOEN måtte eg spørre meg sjøl om eg var komen til Snilldal. OK, snille Suldal i alle fall. 



Pannekaker til frokost etter 11 timars søvn aleine på BLESKESTADMOEN. Ny rekord. 



HER sov eg 11 timar. At det går an. 



Utsikt frå det eine vinduet på soverommet. 



Utsikt frå det andre!



Den trivelege stova. 



.. og sola skein inn på kjøkkenet. Morgonstund har gull i munn. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar