tirsdag 9. august 2011

Rapport frå slutten av juli og byrjinga av august

Så er eg aleine igjen på Haukelisæter. Per Gunnar tok bussen tilbake til Sandnes klokka 04.10 i natt etter 12 fantastisk flotte dagar i fjellet.


Per Gunnar har vore:
Kokk og servitør,
sherpa og navigatør,
teltplassfinnar og inspirator,
problemløysar og organisator.
Diskusjonspartner og kjærast,
ærast den som bør ærast.
Gjennom Skarvheimen og over Hardangervidda
til Haukelisæter og tre retters middag
Eg har kunnet tenkje berre på mitt
og nesten hatt problemer med å halde tritt!

Takk for ein kjempefin tur, Per Gunnar. Eg er glad det er deg eg skal heim til!


KVEN HAR TRENT PER GUNNAR?
Allereie første dagen anar eg komplottet. Her har eg slitt i månadsvis i motbakkar og motvind, så kjem Per Gunnar, tar kiloa mine og spring ifrå meg!
Han var så ivrig at han etter eit par kilometer proklamerte: "Eg er ung og vill, eg kunne sprunge".


... eg speida etter han, kor blei han av?
Som de ser, fint vêr. Vi hadde sol 10 av 12 dagar! 


Første dagen gjekk via Sulebu til eit område med nokså snodige namn:
Bleia, Knipenborgdalen og Masseringstjørni. Vi slo opp teltet og hadde ei god natt - ved Masseringstjørni. 
Dagen etter fekk Per Gunnar nokre fleire av mine kilo i sekken sin.


UR OG STEIN.
Vi kom til Bjordalsbu etter å ha gått i gått i nokså vanskjeleg "urete" terreng. Eg kjende det i føtene og i knea! Deilig når hytta "plutseleg" dukka opp. 


LUKK DØRA FOR JERVEN!
Det stod det på ytterdøra på Bjordalsbu. Vi lurte på å la døra stå ope for vi ville gjerne sett jerven.

Nåja!
Vi lukka heller døra og gjekk ned til frodige Iungsdalen. Der hadde 200 rein strøke med i snøskred og ikkje blitt oppdaga før denne veka. Det skulle lukte godt, men vi kjende heldigvis ingenting.


NÅR HELVETET BLIR PARADIS.
På turen passerte vi eit område som hette Helvetet. Der lå det eit lite grunt vatn med eit lite svaberg akkurat passe til å kome seg fint ut i det varme vatnet og soltørke seg på etterpå. 
Heile dagen var berre blid, frodig og deilig - vi møtte til og med eit humørfylt ektepar på slutten av turen. 


DRØYMEDAG
Frå Iungsdalshytta til Kongshelleren. 
No begynner formen å stige idet vi går opp frodige Iungsdalen.  Og godveret fortsetter.  Vi rasta ved Volavatnet, bada og solte oss i 1500-meters høgde! 


Elvepassering oppi lia i Iungsdalen. 
Per Gunnar og meg samarbeider normalt ganske godt, men å vade elvar, det klarer vi ikkje samarbeide om! 


Ser de vatnet og isbreen i bakgrunnen? Det var flott. 


GJETTEKONKURRANSE: KVA ER DETTE?

Ikkje fiskegarn, ikkje myggnetting, men brystet til Per Gunnar. Med den fantastiske ull-helsetrøya på. 


..og her innehavaren. 


Per Gunnar i solnedgang. 


Men vi (les: eg) var såpass spreke at vi gjekk vidare etter eit par timars pause på Geirrygghytta. Vi fann nok ein flott teltplass ved ein liten bekk på ei hylle med utsikt ned på eit vatn og ein isbre rett imot. Norge er eit vakkert land, især på soldagar.


DRØYMEDAG 2 - med oppvåkning!
"Du må vakna, det er kjempever ute", sa Per Gunnar kl 8.00. 
Då vi skulle forlate Kongshelleren ca halv elleve etter å ha telta nede ved vatnet på ein nydeleg plass, kom det ein ung, sprek gutt sprettande rundt hjørnet. 
"Hei, kor kjem du ifrå?"
"Frå Iungsdalshytta"
"Blir lang dag for deg her no då?"
"Nei, eg går vidare til Geitrygghytta"
"Jøss, to dagsetappar på ein dag?"
"Ja, må nytte vêret mens det er der. Men no skal eg ha ein pause først. Ha ein god tur"
"God tur du og, når du kjem så langt", sa vi og la i veg. 
Etter cirka ein time passerte vi fire eldre med stavar og heller roleg ganglag. Vi gjekk eit stykke til før vi slo oss ned for ein pause i godveret. 
Trur de ikkje spretterten kom igjen. Som ein kanin hoppa han frå stein til stein. "Går du Norge på langs du?"
"Ja" 
"Skal du fram idag, du har så stor fart?"
"He-he, nei, men eg tenkte meg til Finse idag, må bli ferdig til skulestart"
"Hæ? tre dagsetappar på ein dag"
"Ja, må nytta vêret", sa han og spratt vidare. 
"Jaha, eg som kjende meg så sprek", tenkte eg 
Då dei gamle rett etterpå TOK OSS IGJEN! var det nok. På med sekken, forbi gamlingane og etter Kalle Kanin. Vi formeleg sprang ned fjellsidane. Per Gunnar var nok glad for å få langa ut litt. 
Vi kom til Geitrygghytta 40 minutt etter sprekingen. Då var han klar til å ta sin tredje dagsetappe den dagen! Og eg var igjen litt mindre sprek. 

Eg tok ikkje bilete frå Kongshelleren, berre film. Håper de får han opp. 




UTSIKT OG PRAT MOT FINSE. 
Vi tok avstikkeren til St. Pål der vi skimta Gaustatoppen i sør-aust og såg Hurrungane i nord.

PER GUNNAR BLIR SATT UT!
Den einaste gongen eg måtte smøre skjeva mi sjøl var då vi møtte fire livlege damer fra Arna. Då blei Per Gunnar så engasjert og opptatt at alt anna stopte opp. Damene var forresten i syttiåra.
To av dei var fødde på rallarvegen, dei hugsa Finse Høyfjellshotell med lorder og ladyer som svingte seg i Speilsalen. Då dei "innfødde" skulle låne nattklubblokala måtte dei gå bakvegen, lordane måtte ikkje sjå dei.


IKKJE BILETE!
Mobilen min svikta på den fine ferdå frå Finse til Dyranut via Kjeldebu så eg har ingen bilete derifrå. Eg set derfor inn nokre bilete eg fann på nettet. EITKVART FORSØK PÅ Å ANTYDE EIN SAMANHENG MELLOM BILETE OG HISTORIEN BLIR KONTANT AVVIST!


FRÅ HELVETET TIL PARADIS.
Vi passerte Finse (nitrist plass) og begynte på Hardangerviddå i sama fine vêret. 
Gjekk tre flate og ganske kjedelege timar til vi kom over i eit nytt landskap  Fann igjen ein nydeleg teltplass, eit "hjørne" av ein liten bergskrent med live for den forsiktige vinden midt i eit steinete og nakent "kvitt" område med mange vatn. Drakk kaffi, vatn og sjokoladedrikk til maten. 


NYDELEG, VARIERT LANDSKAP MOT KJELDEBU. 
Turen gjekk gjennom Helvetesgjelet - og denne gongen passa namnet. Trangt, bratt, kaldt, ur, balansering langs berg ved djupe vatn. Ikkje triveleg, men fascinerande. 


Deretter kom vi, etter vellukka vading over ei elv!, ut i eit aldeles nydeleg dalføre. "Vakkerdalen" døypte eg han.


Vi stod på toppen av dalen og såg eit digert delta, fossar og stryk nedetter dalsidene og flata berget, irrgrønt vatn, glitrande kulper, to sidearmar av Hardangerjøkulen i høgda. Og sol over det heile. Eit utruleg vakkert syn!


Leirovassdraget var det. Vi nøyt dagen til siste solstråle - ved ei tjønn nederst i dalen. 


Då vi ankom Kjeldebu, som forøvrig låg veldig fint til og var fine hytter - smart å bygge fleire små enn ei stor - var vi temmeleg sultne - og litt sårfota.


MAT - MAT - MAT
Menyen frå Kjeldebu til Langavatnet - eit døger, Per Gunnar og meg, vi et like mykje:

Middag Kjeldebu, kl 19.30
2 boksar Trøndersodd
2 boksar fruktcocktail
1,5 liter vatn

Frokost Kjeldebu, kl 07.00
1 boks Turistproviant
1 pose potetmos
1 boks erter og gulrøter
Alt blandast med vatn og laken og varmast. 

På Dyranut kl 11.00
2 tallerknar rømmegraut med fett
5 glass rød saft 
2 store dessertar (heimelaga is, nam)
2 koppar kaffi


Pause undervegs, kl 15.00
4 doble knekkebrød med TJUKT lag smør som Per Gunnar har bore på. Brunost eller blåbærsyltetøy oppå!
2  sjokoladedrikkar. 


Kveldsmat i teltet ved Langavatnet, midt på flate Hardangervidda, kl. 20
1 pose Torskegryte på deling
2 koppar kaffi
6 Bixitkjeks

Igjen med myggnettingen. God natt!


Den som ikkje er mett no, han skal stå!


STUDER DAGENS RUTE. 
Vi følgjer med på kartet og har også GPS, så risikoen for noko "skummelt" er ganske liten. 
Tips: studer dagens rute nøye FØR du går. Legg særleg merke til stideler slik at du unngår å kome ned i feil dalføre. Og er du heldig får du sol på vegen. 


Då vert alle glade og nøgde. 


Eg er glad vi valde å gå tvers over vidda. Då fekk vi føle det flate, litt kjedelege, men fascinerande viddelandskapet med dei mange vatna. 



Og for dei som har nokon å klemma er det lov å gje ein god natt-klem. Det hjelper mot stølhet, ømme skuldre, sure sokkar og det meste. Men av og til må det mere lut til!


SÅ KOM REGNET. 
Det blei bløtt og vi tok den hittil kortaste turen, 4 timars tur. Til Besso vis Sandhaug. Besso er privateigd og dreve av eit syskjenpar frå Lom. Og gode hjelparar. 
7 kyr, dei fiska sjøl og laga både rømme, surmjølk, pølser og røykalaks. 
Komlemiddag idag- Torsdag!



Her kjem tre bilete som berre lurte seg med. 






Det begynner å gå på kreftene laus? 
I ale fall litt for meg. Rekk vi til Haukelisæter før Per Gunnar må på jobb igjen? Regn og drittver - og eg plagast med foten. Kan gå 2-3 timar, må kvile foten (tåballen, tverrplattfot), kan gå 1 time, så ein halv  ... før eg må ha ein skikkeleg stopp. Og det blir både kaldt og vått i regnet. Men må du så må du. Litt vel vondt nokre gonger, når eg ikkje gadda kommandera stopp. 


Frå Besso til Litlos var ein fem timars våt tur. 
På Litlos traff vi to trivelege karar frå Bokn, dei baud både på fin cognac og båt til sals, samt HMS-diskusjon. 
Litlos var stappfull, to fulle middagsbordsetningar og folk liggjande i gangane. Vi kom tidleg og fekk heldigvis tomannsrom. Fekk forresten fisk til middag for første gong på denne turbiten. 


ROGALAND HERE WE COME! 
Vi var kjempeheldige og fekk ein dag til med sol. Den utnytta vi til ein 8-timars tur frå Litlos, via Hellevassbu og til nok ein flott teltplass ved Holmasjøen. 3-4 timar igjen til Haukelisæter, vi klarer det. Vi hadde bestilt rom og tre retters middag og ville gjerne kome fram litt tidleg. 


Terrenget blei meir variert og spennande - og dermed lettare å gå. 


Motbakkar er heilt greit, betre enn unnabakkar. Eg begynner visst å bli gamal?


Ikkje så veldig. Heller ung og sprek!  Bob-bob!


Og rompevarmaren til Eva er fortsatt med   Gjer nytte for seg kvar dag. 


Slik ser ein fjellforelska mann ut! 


Dansk imperialisme? Eller berre den kjekke danske hytteverten på Hellevassbu som venta besøk?


SÅ langt har eg altså kome. Innspurten har begynt. Eg går vidare aleine i morra. Per Gunnar tok telt, sovepose, liggeunderlag og ein del andre "rape" heim i natt.  No satsar eg på hyttene, sekken er temmeleg lett og eg håper på godt turver og fin flyt på siste biten. Satsar på Ljosland og sykkel derifrå. 

Men no skal eg kvile og ete resten av dagen her på trivelege Haukelisæter (kjempegod middag i går). Hit skal vi tilbake ei gong. 
Eg gir livsteikn ved neste mobilkontakt. 


FERDA VIDARE. 
Eg går:
Holmavass
Bleskestad
Mostøl
Krossvatn
Vassdalstjørn
Hovatn
Storsteinen
Kringlevatn
Storevatn
Taumevatn
Håhelleren/øyuvsbu
Gaukhei
Ljosland
Sykkel til Lindesnes. 

Startar imorra 10. August, reknar 10-12 dagar + 3 dagar sykling. 


Har no forlatt flotte Haukelisæter, men må fortelle litt frå i går før eg mister dekninga. 
På kvelden blei eg henta av Jan Haslemo som kvar sommar setrar med 200 geiter på Haukelifjell (2-3 km vest for Haukelisæter). Han var litt oppskjørta, for 50 geiter hadde gått seg fast på ei hylle i fjellet. Han hadde fått ned 38,så det stod fortsatt 12 igjen. Det var hjerteskjærande mekring då Jan ropte til dei. Etter tips frå ein geitostkunde (all melka blir foredla og seld, utseld kvar dag) vil han ringe NRK/TV2 idag: få tak i klatrarar og lag eit innslag. Eg håper han lukkast. 

Vi køyrde litt vidare på anleggsvegen til Midtdyr, Noregs høgaste kraftstasjon. Han låg i eit fascinerande goldt gjel/skar. Bilete er eit forsøk på å vise straumen av vatn som kom ut i vatnet. 


Kraftstasjonen er teikna av Geir Grung,   Ein av Noregs mest kjende arkitektar. Han har og teikna Hydro sitt anlegg på Nesflaten, idag Energihotellet. 
Anlegget glei fint inn i landskapet. 


Og her er bonden sjøl, Jan Haslemo. 36 år, trettande sesongen i fjellet. Og full av planar for setra og geitmjølka. 
Heimgarden ligg i Vats. 


Jan er sprek som ein fole, unnskyld, som ei geit. Han sprang opp på kraftstasjonen med kloggane sine og rutsja ned igjen. Håper det går like bra med geitene.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar