mandag 13. juni 2011

6 juni forts

Etter den deilige dagen idag på Inderøya måtte eg vidare og då begynte det sjølsagt å regne. Men det var varmt og då er det ikkje så farleg. Møtte faktisk på to som begge hjalp meg dytte sykkelen opp dei ganske bratte bakkane. Dei blei liksom prikken over i'en som gjer at eg har forelska meg skikkeleg i Inderøya.
Dei skal jo til og med ha "Inderøyfest" til helga med eig godt program, ikkje berre rai-rai: operakafe, Jonas Fjeld, Trondheimsolistene, Bjørn Eidsvåg... for ei bygd.
Og så møtte eg på eit busskur te, måtte stoppe ..






Så no ligg eg her i teltet mitt, god og mett - og litt solbrent - og full av gode inntrykk. Koser meg og med utsikten over  fjorden her - det er jo Trondheimsfjorden! God natt.










7. juni

EIN UNDERLEG HISTORIE.
Historien starta med Paul Sverre Røed, ein kollega i Nord-Trøndelag som  eg hadde lunsj med i Verdal. Han anbefalte meg å sykle ein grusveg over Skogn og Markabygda, ned til Skjeldstadmarka i Stjørdal - for å sleppe ca 1 mil på travle E6. Høyrtes fornuftig ut.




Paul Sverre er 1000x meir forelska enn han ser ut på dette bilete!




.. og eg la i vei frå Verdal'n i tre-tida, til og med ferdig frisert for bryllupet til Jon og Fenny som eg skulle heim til i pinsa. 


.. passerte Skogn og garden til Harald og Kari Myhr som eg jobba på sommaren mellom Vefsn LANDBRUKSSKULE og ÅS (1978, 33 år sidan!!) hadde tenkt å dra innom, men hadde det litt for travelt då eg skulle nå fram til Stjørdal hos Anne Elisabeth ( mitt søskenbarn) og hennar mann Terje - før det blei seine kvelden.



SÅ STARTA DET!
Midt mellom Markabygda og Skjelstadmarka, etter cirka tre-fire mils sykling frå Verdal,n, høyrde eg ein
lyd frå trillevogna bak. Eg snudde meg og såg regnjakken holdt på å ramle ut. Då eg skulle legge han på plass såg eg at heile ryggsekken min var borte! HÆ? 
Då kom det faktisk ein bil - den første sidan grusvegen begynte for eit par mil sidan!. Eg stoppa bilen og spurte om dei hadde sett ein sekk?  "Nei, men vi fann ei bukse", sa Helge Ulriksen som saman med son og dotter hadde vore på fisketur. Han var ikkje snauare enn at han køyrde meg eit par mil tilbake og såg etter sekken. Men ingen sekk, verken i vegkanten eller i grøfta. Derimot fann vi den nykjøpte lua mi (Inderøy-kjøp) som låg og lyste så fin og raud midt i vegen.
Eg måtte berre sykla vidare utan sekken. 
Eg roa meg med at sekken nok kom for ein dag, folk flest er ærlege og likar å hjelpe. Slik har det vore på heile turen.

JORD OG HIMMEL I BEVEGELSE
Eg ringte både politiet og TrønderAvisa dagen etter for at eg skulle auka sjangsen for å få igjen sekken. TrønderAvisa lovte å lage eit oppslag om den forsvunne sekken, politiet a meg ringe igjen om nokre dagar. 

Jaha, skal eg no begynne å kjøpe inn nytt utstyr eller vente og sjå .. ? Eg drog til Trondheim, traff Eva og Berit og lurte på kva eg skule gjere Hadde jo nokre dagar i Rogaland foran meg. 

Men eg hadde ikkje trengt å bekymre meg:


HAPPY END.På kvelden fekk eg ein telefon: "om eg sakna ein sekk?"STÅLE FJUGSTAD frå Skogn var på veg heim frå jobb natt til onsdag. Ved Rinnleiret rett sør for Verdalen såg han det låg diverse ting mellom E6,n og sykkelstien, bl. a  ein ryggsekk. Hm, tenkte han, stoppa og plukka det med seg, skjønte at her har nokon vore uheldige. Heime måtte han sjå på innholdet.  Han fann både sure sokker og skitne underbukser samt ein del turutstyr. Han er sjøl friluftsmann og skjønte at innholdet har stor verdi for eigaren, lite for andre. På ein post-it-lapp i sekken fann han diverse mobilnummer. Han sende ein SMS til alle med spørsmål om dei visste kven som kunne eige utstyret. Han fekk svar frå ein av dei (Inger Teigstad?) og ringte det oppgitte nummeret. GJETT OM EG BLEI GLAD?
Eg var spesielt nøgd med Ståle sin kommentar om at han såg det ikkje var nokon amatør som hadde pakka sekken!! 
Sekken blei sett på Bunprisbutikken på Skogn der Eva Nilsen køyrte meg (TAKK, EVA!!) og vi fekk henta han i all hast Torsdag morgon, før eg såvidt !! rakk flyet til Stavanger det eg skulle i bryllup til Jon (nevø) og Fenny i pinsa. 






DEI GODE HJELPARANE:
Son, Helge Ulriksen og dotter Lise var på veg heim frå fisketur då dei plutseleg såg ei bukse som låg så fint på vegen....





Le
Terje Bakken, gift med søskenbarnet mitt, og eg etter at han hadde TATT BAGASJEN MIN DEI TO SISTE MILA (utan ryggsekk) til Stjørdal.  For ein draum å sykle utan bagasje. (Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.)



Eg overnatta til Anne Elisabeth og Terje - som fekk bala med meg, min bagasje og mitt surr nesten eit heilt døgn!
Dei er så hjelpsomme - TUSEN TAKK



Anne Elisabeth Bakken, mitt hjelpsomme og trivelege søskenbarn på Stjørdal.



.... og dei har det så nydeleg. Her frå terassen i sol og 25 Grader dagen etter.ekst












8 juni og resten av pinsa. 


TRONDHEIM MITT TRONDHEIM!
Eg tok alså toget til Trondheim etter å ha vore innom eit anna søskenbarn på Stjørdal, Rigmor. Eit kort og triveleg treff.
No sto sykkelen hos Anne og Terje, eg var SYKKELFRI i fem dagar!!!!




Frå blomsterbroa i Trondheim, mot bryggene langs Nidelva, stille og vakker du er ....

Traff Berit og Eva som er engasjerte i norsk helsevesen!
Ein varm (26 grader!)  og fin kveld på terassen hos Eva. Og nesten det beste av alt, det var her eg fekk telefon om at sekken var funnen. Saliga London!







Mads, nevø av Eva, og Natalia, hans kjæreste, kom og innom ein tur.





Resten av pinsa blei eit stort og flott bryllup på Gullingen i Suldal - FOR EIT ARRANGEMENT - IMPONERANDE. Bilete tilhøyrer privatsfæren. 
Det blei og ein kveld innom hos Åge og Eva, med Jone og Hanne og Else Johanne og Steinar som hadde vore på Eagles- konsert.

.. Og elles i heimen med Per Gunnar og Gunnar. Tilhøyrer og privatsfæren. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar