onsdag 6. juli 2011

16. juni

Etter opphald både i Rogaland og trivelege Trøndelag hadde eg møtt så mange folk at det rett og slett var fredfullt å komme på tur igjen. Var litt spent då fleire har fortalt at avbrekk gjorde det tungt etterpå. Eg opplevde altså motsett. 
Men  koste meg på turen oppover til Selbu med å tenke på alle folka eg hadde treft, både "nye og gamle". 
Nådde Markåplassen, Jan og Berit sin freda plett på jord og hadde ei god natts søvn der.




Hovudhuset på Markåplassen. 

17. juni

Starta 8.30 og visste eg hadde lang dag foran meg til Rien, ikkje i Tyskland, men mellom Stugusjøen og Brækken, der Eva, mi barndomsvenninne har sitt paradis. 
Her: flat ferd mot Flora i Selbu 



Litt anna variant, fortsatt i Tydal. 


I Tydal lagar dei visst busskura sjøl. 
Dagens trivelegaste. NB: sjekk postkassene. 



Var så fint, måtte ta eit bilete te. 



Dagens tristeste, i alle fall for dei som skal ta bussen. 


Busskur i Tydal


... og sommaren kjem og kjem ..

 ... og kjem ...

Ikkje fullt så triveleg. Men mangfold i Tydal - det skal dei ha. 


... og skyvedør!

Det blei den lengste sykkelfagen til no, var framme 10 timar etter start - og etter lang ferd frå Stugusjøen og opp på høgfjellet og kaldere klima. 
Møtte forresten Anders Ulseth på Væktaestua og fekk ein intens og arti halvtime med han. 



18. juni


Kari, dotter til Eva, tester nyteltet mitt (eit kvinneleg einmannstelt). 
Hadde to fine dagar med Eva og Kari på idylliske Fjellroa der eg og har mange fine minner ifrå. 


20. juni

Eg drog frå hytta til Eva utpå ettermiddagen etter stille, god lang føremiddag med Jo Nesbø-lesing, bading og vask i fjellvatnet og litt rydding i hytta. 
Etter litt klabb og babb (punktering, rett og slett utslitte dekk, sende tralla med tog) ankom eg Røros 19.30 og gjekk rett til Mega for å sikre meg mat. Og så sei det første menneskje eg møter på Røros er Bjørg Skjeringstad som eg gjekk samtidig med på Ås. "Om eg skulle ligge på camping når eg kom til Røros? Nei, då må du no ligge på setra mi". Dermed køyrte ho meg til Skjeringstadvollen der eg hadde husvere to netter! Snakk om flaks og snakk om gjestfrihet. Eg gir meg over - eg møter sånn gjestfrihet og hjelpsomhet overalt at det er særs godt å vere menneskje!



Her var Bjørg kvar sommar i barndommen, ofte til rett før snøen kom. Med dyr og det heile. 


Mange hus på garden, Bjørg og mannen har fire "einingar" med hus, to gardsbygningar og to setrar. Ikkje sysselsettingsproblem der i garden(e) nei. 


Fine bygningar!


... Og gamle bygningar 


21. juni

Randi, søster mi, kom for å bli med ein etappe mot Tynset. Vi hadde ein gin dag på Røros, med interessant guiding. Røros-samfunnet, plassen og historien er heilt spesiell - MÅ OPPLEVAST!



Det finst ikkje maken til Røros. Så er Røros og med på verdensarvlista. 


Kobbergruvedrifta starta ca 1650 og på det meste var det drift i 40 gruver. 


Ei av gatene, midt i Røros sentrum. NB: personen på bilete er frå dette forrige (red. anm) århundret. 


Restaureringa av Røros starta tidleg på 1900-talet. Når noko må reparerast vert berre delen som er skadd skifta ut, ikkje heile bordet eller heile vinduskarmen, til dømes. 


Røros er til dei grader eit levande museum. 


Bygningane skal visstnok ikkje vere innsett med tjære, det er svovel og "gassar" frå gruvedrifta som har gitt husa farge. 


Vi sykla på stille og rolege veger. Denne gården og jordet gjekk mest i ett, nokså pussig syn. Tydeleg vi var høgt til fjells, såg fleire ikkje påbegynte jorder. 


Deilig å sykle i seterlandskapet langs nasjonalparken Forolhogda. 


Fine vegskilt!


Og fine postkasser. Folk bryr seg om korleis dei har det!


Enda ei fin postkasse! Yes!


Ja, det er faktisk postkasse! 
Og heldige med vêret var vi, til tross for meldingane! 



Nøgd syklist 


22. juni

... Og trøtt syklist. Dette er tatt kl 10.40 om morgonen. 

Randi klar for dagens etappe, mot Vingelen.


Og dette er tatt kl 17.30 om ettermiddagen, ein halvtime etter at vi ankom til Kirsten Olsen, vår tremenning på Tynset/Tylldal som vi har fått kontakt med dei siste åra 
NB glass blei tome på den halvtimen



Kirsten ønska oss velkomen med flagg, ein betre middag og eit heilt hus til disposisjon. Gjestfriheten fortsetter! 
Vår farmor, Anna Berntine Halvorsdattet Røsteggen, kom frå Tynset. Eg har aldri møtt ho, ho døyde av kreft året før eg blei fødd. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar