søndag 10. juli 2011

23. til 26. juni

23. - 24. juni


No har eg vore lenge utan mobildekning, men her er ein rapport frå slutten av juni.


Hadde to fine dagar hos Kirsten på Tynset. Aukrustsenteret: imponerande kva den mannen har halde på med og kva han har produsert. Vi fekk oss mange gode lattrar og sett mange rett og slett flotte bilete, teikningar og maleri. BØR OPPLEVAST!



Tremenninger. Kirsten og meg.


Sparken på torget på Tynset. 
Verdas største!



Til og med Morten Sandbakken traff eg. Om han stiller som ordførarkandidat for Arbeiderpartiet så hadde han i alle fall ikkje kontroll på hunden sin, he-he. Fin hund. Og fin ordførarkandidat. Heia Morten. 


NOKRE BILETE FRÅ DEI FINE HUSA TIL KIRSTEN OG WILLY I TYLLDALEN PÅ TYNSET




25. juni

25. juni sykla Randi og eg kvar vår veg frå Tylldalen. Ho returnerar til Røros og Trondheim, eg vestover. Takk for denne gong, ein triveleg og familiær tur. 


Eg sykla på grusveg i
min fars barndoms sætertrakter, langs tørre furumoer. Innunder Tronfjell, over mot Østerdalen.  Fint. 


Tok via Savalsjøen og rasta ved nokre idylliske gamle naust. Nøyt restane av Kirsten si deilige nøtteblåbærkake. Nam-nam. 


Folk er oppfinnsomme!


Same plassen. Morosamt. 


Opp til Savalen, ned igjen mot hovudvegen mot Folldal. Så tok eg av mot Einunndalen, ska sei det blei oppover. Då fekk eg prøvd meg. Kom fram til Romsdalsætra og skaffa sommerjobb til Siggen og meg! Dei to damene ønskjer å sykle Noreg på langs. Ka du sei, Siggen?




26. juni

GJENNOM EINUNNDALEN TIL JAN OG ALFHILD. 
Einunndalen er ein gamal sætersalen rundt 1000 meter høgde. Iflg brosjyren er det fortsatt drift på ca halvparten av dei femti opprinnelege setrene her. Eg lurar no på kva slag drift det er. Ikkje tradisjonell seterdrift i alle fall. Men ein flott dal var det!  Og mykje oppover. 
1197 m.o.h. på det høgaste. Då følte eg meg sprek!


Eit landskap prega av isbreane sitt arbeid med bresjøterrasser, raviner og spylerenner. Fascinerande å sjå.


Dei både mjølker, foredler og serverer på setra. Det fikser vi, Siggen.



















... og ei kjerring på vegen. Høgaste punktet , puh.
  

Busskur i Folldal og! 



Ringte heldigvis Jan Schrøder. Det viste seg at Jan og Alfhild var på veg heimover frå Trondheim via Folldal! 
Svært hyggeleg møte og picnic ved Folldal gruver - som igjen BØR OPPLEVAST. Eit heilt samfunn der i dalsida. 

Eg blei så inspirert av Jan og Alfhild at eg sykla nesten til Grimsdalshytta etterpå! (3 mil).

NO SER EG ATTER....
La meg i telt, det blei kaldt, 6-7 visstnok. Sov nesten ikkje, pakka saman ved sjutida og ankom Grimsdalshytta halv ni på morgonen og kvilte til neste dag. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar