onsdag 4. mai 2011

Forsinka rapport frå 15. til 23. april

Kartet er også oppdatert.


Den giddalause sonen min Redaktøren har vore litt oppteken i det siste, men her kjem ei lang oppdatering.


15.april dag 8.




Vi går og går på og langs kvite vidder. Det oppleves som endelaust og utruleg flott. Og meditativt.



Etter tre mil med knallføre og etter å ha snakka delvis kryptisk med fem



mannlege isfiskarar fra Finland ankom vi to gammer i enden av Guoddesjavri. Ein av eigarane kom med skooter etterpå: Dagfinn Bjørkely og sonen Sivert. Dei bur på Gjøvik og hadde nettopp kome på påskeferie, måtte opp på vidda og sjå...  






Jens Åge Suhr i Alta Turlag orientere om ei anna dame som skulle gå Norge på langs. Og kven andre enn Anne Bolsønes banka på gammen kl 7.30 på morgonen? Vi fann tonen og hadde følgje nokre dagar. Reknar med å treffe ho fleire gonger.


Det som eg trudde var ein snøskuter langt borte viste seg å vere ein stein. Anne ofra ei krone - og dermed var det blitt ein offerstein. 


Dei "vita viddor"na fortset - no også med nydelege himlar over.


Vi fann Bastinggammen, Jarle! 



Etter ein halvtimes leiting og klokka ni på kvelden fann vi Bastinggammen. Der satt Åmund som hadde starta på Lindesnes 30. desember og var snart ferdig med sin tur. www.aamundpaalangs.blogspot.com



Anne fekk sove inne i gammen, vi slo opp telt utafor. 



16. April
Morgonstemning frå Bastinggammen. 


Mikkel, satt på skooteren over fjellet.


Anne og meg utanfor Bastingammen, klar for avgang.


TUNG DAG. 



Kven søren har lagt 3 kilo ekstra i sekken min og kven søren har smurt skia mine så dårleg? Med lite snøfall blei føret nesten håplaust. Dette blei tyngste dagen til no. Bakglatt og klabbete, i rykk og napp, redd for kink i ryggen og vridning på kneet. Heldigvis hadde Per Gunnar pulken i dag. Vi fulgte i tilleg høgda i staden for dalføret og elveleie. Eg forsøkte å tenke positivt slik eg har lest. Fungerte sånn bob-bob. Hjalp mest at vi traff eit "reindriverfølge" som vi prata så lenge med at eg blei iskald. Dermed måtte eg gå på for å få varmen og eg fekk opp dampen. 

Vi gjekk no i Stabbursdalen - langs vestsida av nasjonalparken. 



Sara Gaup var med i "reindriverfølget".


Roy Mathisen er med i følget og var nøgd med tilværet. 


Johan Eira, blid reineigar. 


Vi leita og leita og gjekk og gjekk, men til slutt måtte vi slå opp teltet ved ei veldig stengt hytte (!) vi endeleg fann. Klokka var blitt 22.30 og dette blei den kaldaste natta til no. Eg sov ikkje mykje! 


Når eg nesten får føling av at pulken skyv meg framover, då er eg vel på rett spor, Eva? Fortsatt går det godt, ingen gnagsår eller andre plagar, eg begynner verkeleg å tru på detta!


Ein god dag , vi tusla langs elveleie , kom ut på nokre vatn og hadde sett spora etter Annepåkryssogtvers  fleire gonger. Vi meinte plutseleg vi såg ho på ein haug og gjekk dit. Men det var eit ektepar som var komen på hytta si dagen før. Dei inviterte oss til å sitte i ein ordentleg sofa og spanderte til og med ein øl på oss. Det blei ein riktig så triveleg prat med tre generasjonar. Den eldste, Ragnhild Sønvisen, fortalde at hennar foreldre var innflyttarar frå Dovre til Tverrelvdalen (ved Stilla, der altademonstrasjonane gjekk føre seg). Det var same innvandring dit som den til Bardu og Målselv og vi kunne tydeleg høyre "det trønderske islettet" i hennar dialekt. 

Frå venstre: Alf Åge Bjørklund, SuperBirker!, Bente Bjørklund, Ragnhild Sønvisen (bestemor), Ingrid Bjørklund (delvis tvungen med på påskeferie) og Per Gunnar - i ein ordentleg sofa- og med ein øl. Det var deiligt! 


Magnar:
Eg kan ikkje skryte på meg store tankar førebels. Det går helst i : hugsa eg solbrillene?,  det glir godt i dag, skal vi spise snart?, har vi ikkje kome lengre? Skal eg ta på meg meir klede?, skal eg ta av meg vottane?....
Er nok enno i innkøyringsfasen - dei store tankane ventar der framme ...







17. april
Vi tusla no nedover, nei oppover, Stabbursdalen og forstod at vi kom til å nå Bojobæskihytta ein dag før skjema. Ville Siggen og Olaf være der tru? Truleg ikkje. Men kva møter oss: ein skøytande verdsmester på 30 km- for 60-åringar, Olaf Knai, frå Hurdal. Hytta var varm og Siggen var blid. Alt i orden. No skal det bli godt med ein kviledag, vår første!





Vi møttest! På same hytte, på same tid! Snakk om timing.






Pepperkakekartet er fortsatt med, ikkje heilt heilt, men det er eg - og meir kan ein vel ikkje forlange! Dette går så bra og er så artig at eg mest ikkje trur det. 


18.april, dag 11.


Etter å ha gått 2 mil i snitt i 10 dagar gjer det godt med ein kviledag!! Ikkje gå på ski, ligge på senga, tøye ut, reparere sekken, justere skistavane, drikke vatn, dorme litt, klippe neglene og i det heile! Hærrligt!



Magnar: Veit ikkje om du kallar dette store tankar, men på kviledagen min kjende eg kor godt det var å få reparert og justert det eg skulle reparere og justere - og nytelsen ved å vite at no er alt i orden. Ligg vi for ofte i bakleksa til vanleg? Er for sjeldent ajour og der vi vil vere? 


19. april, dag 12
Ny æra



Med Siggen og Olaf får vi ei ny tidsrekning: opp klokka sju eller åtte. Klar til skigåing halv ni eller ti då har Olaf allereie vore ute på isfiske. Han tar og ei økt etter at dagsetappen er unnagjort. Kva er den mannen laga  av?

Men vi tar oss tid til pause og. Her på Lesjavvri (utt: Jesjjavvri) med godt le bak vindsekken. Vi fekk testa sekken som segl og, funka godt (les: juks?).


Har møtt fleire lag med finner som fisker. Her ei som ikkje likar solå.


Så ankom vi Øvre Mollisjok etter 2,5 mil. Oppretta av myndighetene på 20-talet som overnatting og "skysstasjon" for myndighetspersoner som utøvde oppgåver (post, oppsyn mm). Blei seinare overtatt av reindriftsadministrasjonen som tilbod til samer under reinflytting. 


Den legendariske Klemet døydde for nokre år sidan. Hans søster, Margit har no overteke etter oppussing. Ho har og starta matservering. Vi var der i to dagar - trivelege folk, både gjester og vertsskap.  Det vert ei eiga stemning når folk treffes under slike omstende.



Kronprins Håkon var der og, i alla fall likna tromsværingen voldsomt. Meir for 15 kilo sidan, sa kona, som heitte Marit ! Ikkje Mette.

Siggen, Ole Christian (far til Pølsa Pettersen), Sissel, Per Gunnar og Jorunn
Etter frokost på Mollisjok i dag morges. Rutevalet for dei ulike laga vert diskutert.

Siggen og den nye vertinna på velholdte Øvre Mollisjok, Margit. 


Molliespiera og meg på nedre Mollisjok som vi nådde på vår første etappe idag. Kaffi og god eplekake. Ingen joik, "ei tid for alt", derimot ein haug med skootere både for store og små. Og til og med flyplass, eit småfly landa - nesten. Mollisjok International AirPort, sa Per. 


Vi traff og venninna til Ingeborg, Eva!! 




Luopal = der elva vider seg ut. Vi overnatta i hytta til Josef Mikkel Sara i vakre Ragesluopal. Minner litt om Rien, Eva. 
Han fortalde oss om livet i Rages før og no. Foreldra starta her på grunnlag av rypefangsten som mellom anna finansierte den første hesten som kom til gards. Interessante historier.



23. april





Frå Rages gjekk vi bortimot tre mil til Masi. Var framme ca klokka to grunna reserne frå Hurdal. Dei har mest ikkje tid til å stoppa! Veromslag, motvind og litt kraftig nedbør gjorde det litt småtøft mot slutten, men i og med at vi hadde starta så tidleg og gått såpass fort så hadde vi nesten berre nedover igjen. Takk og pris. 


Josef i Rages hadde satt oss i kontakt med Klemet Hætta i Masi. Han både henta oss der løypa kom ned og køyrte oss seinare 7 mil til Kautokeino! Takk, Klemet. Og mellom der baud han på kaffi og ein prat om hint og mangt. Kona Erna som kom frå Os og skulle vere i Masi eitt år, kom saman med barnebarnet Joar Heandarat Nilsen Sara. Erna hadde no budd 40 år i Masi. Joar kjem truleg på NRK 5. Mai. Han hadde joika på ein konsert kvelden før! Følg med! 
Og pulken min står framleis hos Erna og Klemet. Eg skal til Alta og skifte reisefølge. 



Samisk mesterskap i reinkappkøyring.



I puben på Thon Hotel med Kari og Ole Jørgen. Artige folk. Og foreldra til Øystein "pølsa" Pettersen. Vi hadde fleire trivelege treff. Det meste årnær sæ!


... Og blide Birgitte og Cecilie var og med på moroa. Dei hadde blitt frakta hit og dit på skooter over halve Finnmarksvidda og blitt servert både her og både der. Jenter på tur.... Men dei sov mest i teltet sitt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar