lørdag 2. april 2011

LIKE FØR

LAURDAG 2. APRIL
1. april er over - og det var ingen spøk at eg skal gå Norge på Langs!

Har no sett litt på kart og mine notater - og nettopp (kl 09.00!) hatt ein informativ og nyttig telefonsamtale med Jarle Nilsen, turgåaren og turitforeningmannen som kjenner Troms og Finnmark ut og inn. Vi diskuterer ulike trasevalg på det enkelte kart, han gir meg telefonnummer som kan hjelpe meg vidare og forklarer kor hytter ligger. Svært nyttig. Eg er rolegare, takk og pris. Eg har snart (!) gjort det som kan gjerast - då får vær og vind avgjere resten.



FREDAG 1 APRIL - EVA PÅ BESØK - FULL FORVIRRING
I dag er første dagen utan jobb: no har eg ei lita veke på meg til å fullføre planlegginga. Fekk enda nokre gode råd frå Eva, fjellvand barndomsvenninne frå Trondheim, som var på 50-årsdagsbesøk i Stavanger.
Æsj, eg har ikkje kontrollen - står hyttene eg har planlagt å sove på? kan dei ha brend opp? får eg koordinert nødvendig matinnkjøp på dei få plassane det er butikkar på? Har dei god nok mat der? Kjem vi oss hit og dit når vi må? Dette kjeme aldri til å gå godt!

VEOLIA, altså!
Veolia sine rutetidstabellar i Finnmark er eit studium verd!!  Sjekk denne - og forsøk å finn ut korleis du skal kome deg att og fram til Olderfjord eller Honningsvåg, kansje til og med i påska
http://www.veolia-transport.no/ruter/207-alta-skaidi-olderfjord-honningsvaag-article116-219.html
Heile påska kjem til å gå med før du har funne ut at det ikkje går noko buss den dagen!



TORSDAG 31. MARS  - SISTE DAG PÅ JOBBEN
Superinnspurt på jobben dei siste månadene. Og det skjer såpass mykje interessant der at det NESTEN er trist å hoppe av i fem månader - skal bli spennande å kome tilbake å sjå korleis dei ulike prosjekta har utvikla seg. Og godt å kjenne at folk faktisk verkeleg ønskjer meg lukka te og god tur. Det skal eg tenkje på når eg kavar der nord ........
No er det fokus på detaljar fram til neste Torsdag - avreise frå Sola 7. april kl 13.00!



TIRSDAG 29. MARS  - BURSDAGSSELSKAP, 55 ÅR
Samla ein heil hau med folk for ein siste samling før turen - veldig triveleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar