onsdag 13. april 2011

Rapport frå dei siste 3 dagane

Nordnorsk gjestfrihet er på topp. Vi møter gjestfrihet overalt.
Frå Ronald bussjåfør som på sundags morgon viste oss rundt i Honningsvåg og fortalde om livet og kulturen der - og etterpå frakta oss dit vi skulle, via far og dotter Bjørnar og Anette i Skarsvåg som fortel om Skarsvåg og som ettersender sitteunderlaget eg sjølsagt la att fyrste natta, til Terje på butikken i Olderfjord som berre starta å prate med oss og som viste seg å ha nøkkelen til den neste hytta vi skal til. Og for ikkje å gløyme Frank Roy som gav oss god pris på kjøp i sportsbutikken i Honningsvåg. Kniven heiter allereie Frank Roy-kniven og har gjort nytte for seg fleire gonger.




Sundag 10. april

Starta i Kåfjord sundag morgon. Nydeleg landskap, god sidevind og flott tur i stigande terreng. Slo opp teltet i sekstida og då vi var vel inne sette det inn med kraftig vind som varte heile natta, storm i kasta.

Mandag 11. april

Roa seg til vi tørna ut neste dag. Hadde ein aldeles nydeleg tur i breie, kvite og slake dalføre med gode snøskuterspor og tung pulk. Gjekk i åtte timer, fant vatten når vi ville og hytta ved Stohpojohka når vi var slitne. TAKK til hytteeigar som held hytta ope, utgravd (2 meter snø) og med ved for lausgjengarar travarar som oss.

Tirsdag 12. april


Trudde vi hadde ei lita mil foran oss dagen etterpå, men mi blingsing på kartet ga oss 5 tunge kilometer ekstra før vi ankom Olderfjord i går, tirsdag, rett før butikken stengde. Å vere nøye med kartet både før og undervegs er viktig. Etterpå óg, for å lære!

Onsdag 13. april


Kviling i Oldefjord.
Har hatt det roleg i dag, kroppen kjenner at vi har gått, men ingen gnagsår, betennelse, stive eller strekte musklar så langt, bank i bordet. Pulken er tung og senker farten, men gir oss tryggleik i det at vi kan ha med litt meir. Eg er rett og slett litt imponert over oss, både av meg sjølv og Per Gunnar.
Per Gunnar har tydeleg vore ute ei vinternatt før - og eg lærer mykje av han.

Jarle Nilsen - takk!
Jarle Nilsen skal ha ein ekstra takk for å ha lagt opp og vist meg ruta, overnattingsmoglegheiter og mange detaljer vi treng for at det skal fungere.  Me kosar oss, Jarle!

Det skulle vore ein del bilete her, men telefonen til redaktøren vil ikkje ta i mot bileta eg sender han, så me får ikkje lasta dei opp hit enda. Skal få fiksa det snart.
Me skal og prøve å laga ei ordning på GPS-beskjedane, og me undersøker om det lar seg gjere å lage ruta me går i eit kart som de kan sjå på, så kan dykk sjå kor me går.


Her er ein link til kartet der de kan sjå korleis turen går. Kartet blir oppdatert når eg sender GPS-koordinatar til Gunnar som legg dei inn i kartet. Teknologi er sjikkeleg spanande, eller kva?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar