onsdag 6. april 2011

FOR EIT ROT - 1 dag igjen!

For eit rot: kart over alt, lause trådar (i bokstavleg forstand), fykande tankar, litt her og litt der . ... no må dette snart ta slutt. Dette er verre enn Sesilåmi, konfirmasjon og eksamen til saman - det går på høygir.

Dagen i går gjekk for eksempel ut på:

  • spora opp Ole Mathias Hætta via telefon på denne måten: først Kautokeino kommune, så butikken i Masi, henvist til tidlegare nabo, tok sjangsen på Masi turistsenter, fekk namnet på ein i Alta som sende meg til rette vedkomane som generøst nok gir oss lov å bruke hytta - så vi kortar den aktuelle dagsetappen med 1,5 mil. TAKK
  • Reparerte stavane mine og kjøpte nye trinser
  • henta pulken som var komen
  • innom sybutikk for klemmer til gamasjer og andre tråder
  • innom apotek for diverse medisinsk utstyr, følgjer anbefalinger i Lars Monsen si Villmarksbok
  • ringte inatur.no og Finmarkseiendommen for gode råd og tips - mange som veit mykje
  • ringte Aslak Isak Skum som og lar oss bruke gammen - no problem
  • ordna nye strikk i gamasjane
  • impregnerte regntøyet og anorakken til Per Gunnar
  • smurte skoa
  • begynte å sjå på matrasjonane vi må ha med på flyet allereie - puslespill. Villmarksboka kjem godt med her og, men hjernen går varm likavel
  • begynte å pakke i dei vannsikre posane - korleis vil dette bli til slutt .. ?
  • Hjelp: eg har ikkje kontroll på Spot´n - kven kan lære meg det? Fekk til slutt avtale med ein tilsett på Hetland Sport - der eg var minst tre gonger i går. Skal ha møte med han i dag  - PUH
  • fann fram sovposane, søren så tunge dei er, kjøpe nye? nei no må det vere stopp


Eg har ordna ein tabell med dagsetappane der eg legg inn viktige opplysningar - den har vore god å ha - og den tar eg med. Jarle Nilsen som sende grunnlaget til meg - veldig bra.

Opps - eg må jo tenke litt på syklinga etter 8. mai - gjere klart her heime så Liv Sissel får det med seg . . det og, ja.

Plutseleg sig biletet inn over meg: vi står på vidda, det bles og stormar ... og så har eg gløymt ..  eller veit ikkje korleis eg brukar ..  eller vi har pakka alldeles idiotisk .... eller noko fyk ut når eg opnar sekken ...

sånn var dagen igår: hit og dit og att og fram og opp og ned - bortimot ubehageleg.

Men på kvelden såg eg at mange ting hadde kome på plass - og med Monsen si oppmoding om å tenke positivt såg eg for meg å skli roleg innover viddene, vere god og varm, takle veret godt, ta det roleg når det trengs, følelsen av meistring ...  så sovna eg ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar