Cirka sånn tenkjer eg turen skal bli. Frå Rien 2007. Foto: Sigrid Bernhardt |
Trening
Noko eg IKKJE har kome godt nok i gang med er orientering, bruk av GPS og kart og kompass. Men det kjem, det kjem, det er tre månader igjen enno.
I helga (7-9. jan) var vi i Hunnedalen, eg spadde ei snøhole (les: snogrop) og låg ein god time med vindsekken - for å teste korleis det kjennst. Var ikkje så ille som eg trudde.
![]() |
1. gangs graving av snøhule - joda! |
Nøkkelpersonar
Eg har god hjelp av vande turfolk både i sør og nord - HIPP HURRA for turistforeninga.
Eg har god hjelp av vande turfolk både i sør og nord - HIPP HURRA for turistforeninga.
I 2008 fekk eg namnet Jarle Nilsen frå Turistforeninga. Vi har i haust hatt dialog gjennom mail og møte (på Jernbanekafeen på Oslo S kl 9 mandags morgon). Han har gitt meg dagsetappeoversikt over heile turen (!), kartoversikt, teikna inn traseen på kart eg hadde med og gitt tips og kontakter for overnatting og butikkplasser. VELDIG BRA. Til og med rutetider på buss hadde han i hovudet!
Eg har hatt møte med Eirik Bråtveit og Fredrik Nordberg som begge har gått turen, samt Olav Rugås og Karl O Gjerstad om diverse utstyr. VELDIG NYTTIG - både for konkrete tips, men óg for motivasjon og tru på at eg faktisk kan klare det ("det er berre ein haug med dagsetappar etter kvarandre"). Og så les eg stort sett dei bøkene eg kjem over om liknande turar, Monsen sine ikkje minst. Morosame, inspirerande og nyttige.
Og det ser kansje ut til at Siggen og Olaf blir med i påska. Bra.
Og Per Gunnar blir med dei 17 første dagane. Hurra.
Og det ser kansje ut til at Siggen og Olaf blir med i påska. Bra.
Og Per Gunnar blir med dei 17 første dagane. Hurra.
Utstyr
Eg har begynt å kjøpe ein del utstyr - og legg mest vekt på vekta!
Har og bestillt flybillettar til Alta!
Har og bestillt flybillettar til Alta!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar