tirsdag 23. august 2011

Heilt til slutt

STJERNER I AUGA
Turen BLESKESTADMOEN til MOSTØL gjekk leikande lett i eit nydeleg terreng og gamalt kulturlandskap.  No forstår eg kvifor Astrid Brommeland alltid får stjerner I auga når ho snakkar om desse plassane!


KLAR-FERDIG-STÅ OPP!
Eg bestemte meg for å stå tidleg opp for å prøve ta to dagsetappar neste dag. La meg derfor rundt 19.30, rekna med å vakne rundt 04.00. Eg vakna 05.56!! Held eg på å sove meg ihel? 10,5 time!
Javel, kom ikkje avgarde før 7.30. 


NYDELEG DAG!
Eg fekk den drøymeturen. Sol, stilt og vandring i fire ulike turterreng, kvart med sin eigen sjarm. 


Eg blei så inspirert at eg faktisk begynte å skrive artikkel i hove mitt. Til Fjell &Vidde eller noko. Me fer sjå...


Kyrkjesteinsdalen. Klatringa gjennom skaret i bakgrunnen var ikkje berre, berre!
Tenkjer ho hadde slete litt ho eg traff med over 30 kilo på ryggen. Bar med seg alt utstyr for 12 dagar, mellom Ådneram og Vikedal. Jentene no til dags er spreke. Eg møtte fire jenter som gjekk Norge-på-langs aleine. Alder frå 16 til 60 år!


Den første skya denne dagen.


På slutten av dagen, mot Krossvatn, blei det svært lettgått terreng, men eg brukte likavel den oppsette tida - og det blei med ein dagsetappe i dag og. 


SJØLPORTRETT! 
Eg får vel ta med dette nydelege biletet av meg sjøl. Poenget var å vise svetten etter ei oppoverstigning, men det funka ikkje heilt ...


NORGE-på-LANGS-DAMER. 
TO STK: ho eina (meg) snart ferdig, ho andra (Åse) i første etappe (Lindesnes -Jotunheimen)- skal ta det over fleire år. Optimistiske ser det ut til.


Var arti å møte damer som verken var lærar eller sjukepleiar. Berit er fotograf og Åse er distriktstannlege. Vi hadde ein hyggeleg kveld. 


JOHN HÅKON OG TORBJØRN. 
Under pausen på Vassdalstjørnhytta møtte eg to kjekke karar frå Lindesnes. Ekte sørlendingar, bortsett frå at dei var særs lite religiøse. Dei skulle sama ruta som meg - så då "hadde vi lag" i fem dagar. 


John Håkon på forrige bilete, Torbjørn på detta. 


Telefonen min svikta så der er få bilete frå turen. 
Vi gjekk ruta HOVATN-STORSTEINEN-KRINGLEVATN-STOREVATN/HEIBERGHYTTA -TAUMEVATN-ØYUVSBU-GAUKHEI-BORTELI. 
Hadde mykje moro. Møtte berre to vandrarar før vi kom til Øyuvsbu! Då møtte vi til gjengjeld tre skuleklassar , eller i alle fall rotet og skiten etter dei. Det var greit å forlate hytta, for å sei det på den måten. 
Og gutane blei sprekare og sprekare for kvar dag. Særleg Torbjørn, han spratt av gårde på slutten. 


GAUKHEI - trivelegaste hytta i landet! 
Marie frå Hønefoss slo lag med oss ein dag.
Vi fabla litt om at ein øl kunne vore godt - og under over alle under: dei har begynt å selje øl på GAUKHEI! Det var godt. 
Triveleg vertskap på GAUKHEI, men turistforeninga må skjærpe seg og enten gjere noko med maten eller setje ned prisane - på landets trivelegaste hytte. 


SISTE GÅDAG: GAUKHEI - BORTELI. 
Eg burde kjend noko no, siste dagen. Men det regna og var langt - og det var berre greit å kome til BORTELI. 
Ha det til gutane (gutar og gutar, berre 7-8 år yngre enn meg!), så var det å vente på Per Gunnar som skulle kome med sykkelen for heilt siste etappe. 


Så sykla eg i typisk sørlandsdal ( trur eg) dei siste 13 mila. Per Gunnar var følgebil og stoppa av og til for mat, drikke og oppmuntring. Det siste ikkje så veldig nødvendig no på slutten. 


Stort sett flatt eller nedover, veldig greit sykkelterreng. Stort sett langs ei elv eller eit vatn. Lite trafikk og langt mellom butikkane. Men det er eg jo blitt van med. Eg trødde og trødde og blei mo i knea, men det gjekk veldig greit. 


BUSSKUR NO IGJEN!
Så dukka sjølsagt busskura opp igjen.
Nedanfor er dei eg registrerte.
Konklusjon: Sørlendingane bryr seg ikkje så mykje om busskura sine som dei lengre nord - og det er kansje like greit?








Tristeste på heile turen?


Nesten enda tristare. 


Men det livar opp med ein plakat. 


I stil med sykkelen. 



Klar for siste innspurt, 2 mil langs sjøen. NB: Per Gunnar har tatt det meste av bagasjen, men boksen med "pepperkakeNorgeskartet" er med på bagasjebrettet.  "Posten skal fram". Ein skal halda det ein har lova!


Så skjer det: Lindesnes fyr dukkar opp (rett over hovudet mitt) - OG TUREN ER OVER!

Eg kunne ikkje sykle lengre!


For ein tur. For ei oppleving. For nån folk. For eit land. For eit eventyr eg har fått vore med på. Fantastisk!


Då var det berre ein ting å gjere. 




Litt vemodig og.  


Kva skal eg no gjere?


Drikka meir champagne. 


Javel. 




... og eg kom altså i mål. Jippi. 



TAKK 
til alle som har gitt meg kost og losji
til alle som har fulgt meg på ein eller fleire etappar
til alle som har oppmuntra meg
til alle som trudde eg ville klare det
til alle som ikkje trudde eg ville klare det
til alle som har ettersend ting eg har gløymd
til alle som har tatt imot ettersende ting
til alle som har funne løysingar på og hjelpt meg med små og store problem
til alle som sørga for at eg rakk både det eine og både det andre

Men mest av alt takk til Per Gunnar for at eg faktisk kunne gjere denne turen.
Og til slutt takker eg meg sjøl.
Det var lettare gjort enn sagt.
Det var meir morosamt enn forventa.
Det var meir eventyrleg enn forventa.
TAKK FOR NO!

søndag 21. august 2011

Slutten av eventyret (???)

RAPPORT SISTE ETAPPE 9. - 19. August. 
Måtte forlate Haukelisæter ALEINA! 
Det går det og  - og ein legg kjapt merke til dei (få) personane som går same vegen. 
Bileta nedanfor er teken 180 grader kvar veg i Turistskaret. Det eine mot nord og Haukelisæter, det andre mot sør og Hellevassbu. Her ser ein heile dagsetappen. 


Det andre bilete  "sørigjønå".


Hyggeleg kveld på Hellevassbu. 
Nesten heile forsamlinga, frå venstre:
Magnhild og Turid som hadde tre dagsetappar mellom to gourmetmåltid på Haukelisæter - den siste på 9 timar fordra eit måltid å sjå fram mot, heilt enig. 
Lobke: nederlandsk 28-åring som for andre år på rad gjekk aleine i norske fjell - og trivdes med det. Ho var forresten dansar, det kunne me sjå. 
Ragnvald og Sigurd - to eldre (unnskuld), seige herrar med godt humør. Sigurd brakte ferske inntrykk frå stemninga i Oslo - ganske sterkt. 



10. august
HOLMEVASSBU - BLESKESTADMOEN: ei rein nyting. 
Hadde triveleg følge med unge Lobke (eg kunne vore mor hennar) 
Eg brukte delar av dagen på å fundere på kvifor alt gjekk så lett etter Haukelisæter: ville eg heim?, ville eg heim til Per Gunnar?, hadde Per Gunnar tatt SÅ mange kilo?, hjelper ein kviledag så mykje? - eller ein kombinasjon ? Held ein knapp på det siste. 



Uansett: det var ei sann nyting å kome ned i bjørkebeltet ved Reknskvæven til lune moltemyrar, krekling, blåbær....



.. hyggelege små tjern ....



... blåklokker i vinden ...



... fargerike moser (?) ....



.... trær og graskledde moer ....



.. og det heile omkransa av bergknausar som likna mjuke kvinnekroppar!



Då eg kom fram til BLESKESTADMOEN måtte eg spørre meg sjøl om eg var komen til Snilldal. OK, snille Suldal i alle fall. 



Pannekaker til frokost etter 11 timars søvn aleine på BLESKESTADMOEN. Ny rekord. 



HER sov eg 11 timar. At det går an. 



Utsikt frå det eine vinduet på soverommet. 



Utsikt frå det andre!



Den trivelege stova. 



.. og sola skein inn på kjøkkenet. Morgonstund har gull i munn.